tirsdag, mai 26, 2009

Google bekymre deg den nyeste informasjone

Overskrifta idag er henta frå Google Translate, som eg ga i oppdrag å omsetje ein japansk blogg.  Det var ikkje mykje å bli klok av, sjøl om det gjekk an å gisse seg til litt av innhaldet.  (Det trur eg ikkje du kunne klart utan omsetjing.)

Mellom nærtståande språk som engelsk og norsk, derimot, går det lettare.  Det hjelper óg at slik omsetjing er meir vanleg, sidan Google Translate blir betre med bruk.  Du kan nemlig rette på openlyse feil du ser.

Diverre er nynorsk ikkje enno på lista, men dei fleste nordmenn er utsette for bokmål dag etter dag så det klarar seg vel for no.

Dermed er det ingen grunn for meg til å skrive på norsk, utanom dei få ting som berre vedkjem nordmenn.  Adressa til den originale (og beste) Kaosnoden i Googliansk omsetjing er her.

torsdag, juni 12, 2008

Ny ekteskapslov

Dette går heilt feil veg. Staten skulle slutte å blande seg i folk sin sivilstand i det heile. Det er eit sakrament og høyrer inn under den religiøse sfære, ikkje den verdslege. Skulle skattelova ha ein paragraf om kven som kvalifiserer for nattverd?  Eller arvelova ha sær-reglar for dei som har fått Den Siste Olje før dei sov inn? At staten skal ha noko med sakramenta å gjere er ein arv frå ei anna tid.  No då staten ikkje ser seg sjølv som ein Guds tenar, må han heller ikkje forvalte sakrament. (Det skulle han no uansett aldri ha gjort.) 

Å gje eller ta pengar basert på folk sitt kjønnsliv er tvilsamt nok i privat samanheng. For staten å gjere dette skulle sjølsagt vere tabu.  Det blir ikkje magisk betre av å inkludere homofile.  Det berre viser kor malplassert det heile er.  Korleis kom dei før dei polygame i køa, forresten?  Muslimar kan ha opp til fire koner. Ved å halde tre av desse utanfor, diskriminerar vi mot dei stakkars snille muslimane som aldri har gjort oss noko vondt...

Stopp dyneløftinga.  Ekteskapet ut av statsbudsjettet.

fredag, mars 07, 2008

Fritt Vestland!

Professor Aarebrot åtvarar mot vestlandsk separatisme.

Kva er så gale med det?  Folket på Vestlandet, i Nord-Noreg, på Island og Færøyane kom hit i yngre steinalder langs dei frisiske øyane ved Holland; vi er meir i slekt med nederlendarar og engelskmenn enn med austlendingane og trønderane, som kom austervegen saman med danskane og svenskane, opp gjennom Tyskland. At vi kom til å leve i same nasjon som desse reserve-svenskane er eit samantreff av diverse kongar sine hell og uhell på slagmarka og i senga. Vi er ikkje særleg nær i slekt, heller ikkje var språket vårt, til dess vi fekk tredd dansken ned over hovudet.

Ja til eit fritt Vestland! Nei til kolonialisme og utsuging! Røyst Vestlandspartiet!

torsdag, januar 17, 2008

Litt meir om internett-musikk

Før i tida hadde eg ein CD-spelar og fleire høge stablar med CD-plater på kontoret. No har eg lese inn mine favoritt-plater på harddisken heime, og installert eit program som heiter "Winamp Remote". På den bærbare datamaskina har eg ein liten mottakar for ICE mobilt internett. Når eg ønskjer å høyre ein av favoritt-låtane mine, kan eg logge meg på ei vevside som kallar opp maskina mi heime og får henne til å spele av songen over Internett. Så alle CDar eg har lagt inn heime har eg óg med meg kvarhelst eg har Internett.

I tillegg lyttar eg på last.fm, ein "Internett radio" som spelar tilfeldige plater som den trur eg likar. Dersom eg høyrer ein song eg skikkeleg mislikar, kan eg trykke ein knapp så den aldri blir spela meir. Dersom eg berre ikkje vil høyre han no, kan eg spole forbi. Dersom det er ein song eg likar, kan eg sei frå om det og den vil kome på ein annan kanal som berre spelar favorittar. Det er ei nokså blanda forsamling, du kan høyre dei på http://www.last.fm/listen/user/Itlandm/loved .

Elles abonnerer eg på MSN si musikkteneste. Den har ikkje særleg mykje god musikk, men den som er kan du høyre så ofte du vil, ikkje i tilfeldig rekkefølgje som på Last.FM.

fredag, januar 11, 2008

Endå ei datamaskin!


Nei, det er ikkje etterfylgjaren til TERRA. Dette er ei bærbar maskin, og ho er ikkje eingong meint å kome i staden for den bærbare spelmaskina frå Dell som eg kjøpte i desember 2006. Dell-maskina blir framleis brukt i heimen, om lag ein gong i veka og stundom meir, til å spele City of Heroes, når "otaku trio" er aktive alle på ein gong.


NOZEXPLZ (mitt namn i nettverket) er den styggaste bærbare maskina eg kan minnast å ha sett sidan 80-talet, då bærbare maskiner var (som ein artikkel skildra dei) "omlag så tunge som ein sekretær og noko heitare". Denne er ikkje plagsamt tung, men nesten så brei som ein sekretær, om du måler dei delene av kvar som er nedpå fanget ditt. Men berre nesten, og i motsetnad til sekretærar har denne maskina eige tal-tastatur til høgre, som eit skikkeleg tastatur. Ikkje at det er mykje "skikkeleg" over dette tastaturet, som er i bleik plastikk-aktig plast. Dette til skilnad frå resten av maskina, som er i grå plastikk-aktig plast. Ikkje mykje hykleri der i garden! "No er det på tide å lage ei maskin som ikkje berre er billeg, men ser skikkeleg billeg ut" må LG kanhende ha tenkt. Og det lukkast dei med.


Trass i eit skranglete tastatur og billeg plast overalt, er LG E500 fullt på høgde med ei standard 10000 kroners maskin (eller 8000 på postordre). 2 GB minne gjer at Vista glir så fint som ei and i dammen, jamt og staseleg. Ein Intel Core2 Duo tokjerne-prosessor gjer det arbeidet som gjerast skal. Jamvel grafikk-kortet, NVIDIA GeForce 8400M G, er meir enn eg treng sidan dette ikkje er ei spelmaskin. Det er eit stereoanlegg med e-post og internett. Eller det er kva eg brukar henne til.

Å ja, prisen. 7700 kroner ga eg på Expert, men dei var nesten utselde... endå om seljaren gjorde kva han kunne for å få meg til å kjøpe ei 10000 kroners maskin med omlag same eigenskapane men smexy layout og svart metall-liknande plast.

torsdag, november 15, 2007

Kjøpt ny PC


Etter at Monster (PC'en eg kjøpte for Oblivion våren 06) mista vifta endå ein gong, har eg investert i ein Multicom "Din Side PC" med firekjerners prosessor. Eg har alt tre skjermar, så eg kutta ut skjerm og tinga meir minne og slikt. Det nye datadyret har fått namnet TERRA fordi ho har ein terabyte (1000 gigabyte) med harddisk. Ho har óg 4GB med internminne, sjøl om ho ikkje kan bruke meir enn 3,25 under 32-bits Windows.


Her er eit bilete av Terra før eg kopla til all kabel-spaghettien. Fin, ikkje sant?


fredag, november 02, 2007

November

Igår rotfylte eg ei tann. Idag har eg hovudverk og er stiv og støl. Huda på leggene flassar av. Både vindfanget og badet stinkar av katteskit, endå eg ikkje har katt. På jobb er det kaos og panikk over flytting som kan kome kva dag som helst, og eg har fire veker ferie som eg ikkje ser korleis eg skal få teke - eg må vere glad til om eg kan unngå (ubetalt) overtid.

Men eg har skrive 3700 ord på romanen min, så alt i alt har det vore ein god dag. ^_^

November har fått nytt namn: NaNoWriMo.