søndag, desember 27, 2009

Personleg: Flytting

For slekt og vener som av einkvan grunn ikkje les engelsk:  Eg er i ferd med å flytte frå Nodeland til Møll, ei idyllisk lita jordbruks-grend nord om Mandal, i Holum prestegjeld. Lat insekt-vitsane flagre! Møllkuler bit ikkje på meg.

Eg har fått leige eit lite hus som ligg for seg sjølv men med kort gangveg til buss. Førebels er eg berre innom etter arbeid og tek med meg små ting som klede, gardiner, bøker og små datamaskiner, og reiser attende til Nodeland om kvelden.  Men eingong i januar er det planen at eg skal flytte over.

Posten vil bli ettersendt i eit års tid, slik som sist eg flytte.  Epost-adressa er uendra. Derimot vil fasttelefonen bli borte.  Dette er eit så langt flytt at nummeret uansett ikkje ville vore det same. Dersom eg får fiberoptisk internett slik eg har tinga vil det ikkje vere bruk for telefon lenger. Eg har mobiltelefon, men brukar han berre nokre minutt i året.

(For dei som ikkje veit det så har eg ein gradvis framskridande tilstand med røystebanda slik at eg berre kan snakke ganske lite.  Etter eit par hundre ord blir halsen sår og etter ei tid kan eg ikkje snakke meir.  Lange telefonsamtalar er då uansett berre for dei som har mykje på hjarta og ikkje treng å høyre meir enn eit ja og ha no og då.  Slike vener hadde eg ei tid, men av einkvan grunn har vi drive frå kvarandre.  No vel, du ser at eg ikkje har tarv for to telefonar.)

Eg har hatt det fint her på Nodeland, men det ser greitt ut på Møll og.  Huset er gamalt men pussa godt opp, særleg i første høgda. Der er jamvel ei heilt ny varmepumpe, sjølv om den går berre til luft og ikkje til vatn eller grunnvatn. Og for første gongen sidan eg flytte heimanfrå som 15-åring er eg omkransa av grøne bøar og elv i staden for hus og plenar. Det er ikkje mykje eg får sett av landskapet på denne tida av året, sjølsagt, men det blir vel vår denne gongen og, får vi vone.

Dersom du treng adressa eller kart til kvar eg bur, kan du kontakte meg. Eller du kan spørje kven som helst i Holum prestegjeld. Det ser ut til å vere ein av desse små stadene der alle kjenner alle. Berre ikkje eg, for eg er eit pinnsvin.