søndag, desember 31, 2006

"Tenn lys"

Vakna i dag av klokkeradioen som spela songen "Tenn lys", av Eyvind Skeie. Eg måtte rettnok Google litt for å finne songen på nettet, men når først eg hadde namn og tittel var det lett å finne songen på MSN Musikk. (Merkeleg nok... dei er litt variable i utvalet der borte, men denne hadde dei.) Fann ei vakker side med teksten óg. Som de ser er denne songen ei spanande blanding av sosialisme og kristendom. (Eller kanskje ikkje alle ser det. Eg hadde sikkert ikkje forstått mykje av det for nokre år sidan, då eg hadde langt færre verkty for tanken enn idag. ) Uansett, dette er to ting som ikkje er lette å blande, endå dei begge er ein del av den norske folkesjela. Sosialismen går jo elles ut på å byggje vår eigen himmel utan gudar og kongar.

Kanhende sosialismen er tenårings-trassalderen i vår kultur. Men heldigvis er ikkje tenåringar berre trasige heile tida.

torsdag, desember 28, 2006

Eitt år eldre

Ikkje noko sex dette året heller. Og som ei verdig avslutning eksploderte den beste PC'en min i natt, 9 månader gamal. Jaaa! God unnskyldning for å kjøpe ein ny. No med dobbeltkjerneprosessor. Eg har lenge hatt lyst til å gå innom ein databutikk og spørje om dei har "ei maskin med dobbelthjerneprofessor".

Til alle som ikkje gratulerte meg med årmålsdagen i går: Takk i like måte! ^_^

torsdag, desember 21, 2006

Framleis i live

og ikkje berre det, eg fann ein gratiskode til å spele Guild Wars Nightfall, eit online rollespel som er vakkert og der du kan spele åleine om du vil. Gratiskoden er rettnok berre for ti timar over fjorten dagar, men dei fleste ting eg gjer varer ikkje meir enn fjorten dagar likevel. Eg er som ein somarfugl... berre feitare og utan vengjer ... vent, vil det sei at eg er som ein kålmakk? Uansett, slik er det!

God jul til alle som er barnslege nok til å feire denne oppdikta høgtida! ^_^