Google bekymre deg den nyeste informasjone
Overskrifta idag er henta frå Google Translate, som eg ga i oppdrag å omsetje ein japansk blogg. Det var ikkje mykje å bli klok av, sjøl om det gjekk an å gisse seg til litt av innhaldet. (Det trur eg ikkje du kunne klart utan omsetjing.)
Mellom nærtståande språk som engelsk og norsk, derimot, går det lettare. Det hjelper óg at slik omsetjing er meir vanleg, sidan Google Translate blir betre med bruk. Du kan nemlig rette på openlyse feil du ser.
Diverre er nynorsk ikkje enno på lista, men dei fleste nordmenn er utsette for bokmål dag etter dag så det klarar seg vel for no.
Dermed er det ingen grunn for meg til å skrive på norsk, utanom dei få ting som berre vedkjem nordmenn. Adressa til den originale (og beste) Kaosnoden i Googliansk omsetjing er her.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home