mandag, august 31, 2009

Dumskap frå NHO

Ein skulle vente klokskap frå folk som har ansvar for hundretusenvis av arbeidsplassar. Men det syner seg at det er menneskeleg å vere dum, så lenge ein berre tenkjer snevert på seg og sitt.

No går ein talsmann for NHO ut og seier at det blir for lettvint at folk med svineinfluensa skal få sjukmelding over telefon.  Det vil påføre samfunnet store kostnader, seier han.  Men kva med alternativa?

Kanhende han vil at folk med grisesjuka skal kome på jobb og smitte alle der på ein gong, så dei må stenge dørene veka etterpå? Dersom smitta sprer seg mest gjennom skulen, slik det no ser ut til, vil den i alle fall kome til litt ulik tid til dei ulike arbeidarane, sidan ikkje alle har born i skule og førskule, og i det minste ikkje alle har born på same skulen.  Dermed vil dei fleste arbeidsplassar vere i stand til å halde det gåande, om enn med færre tilsette.

Eller kanhende han vil at dei sjuke skal gå til lækjaren, og smitte heile venterommet som er fullt av dei som har minst å stå imot med.  Kanhende samfunnet kan spare store summar på at dei kronisk sjuke døyr i fleng, men Gud fri oss frå slike innsparingar.

Kanhende arbeidsgjevarane er redde for at folk skal ringe etter sjukmelding når dei ikkje er sjuke. Og det kan vel finnast dei som er dumme nok til å prøve. Men her har vi ein sjukdom som ingen under 60 har motstand mot. Det vil sei at før eller sidan får du han.  (Vaksina kjem for seint dersom vi held skulane opne, slik det no er lagt opp til.)  Dersom du altså har teke dine grisedagar tidleg, har du eit problem når du faktisk blir sjuk.

Dette er ikkje ei sjette ferieveke, det er ein sjukdom som drep rundt 1 av 200. Kanhende noko mindre dersom vi klarar å seinke han slik at ikkje for mange blir sjuke om gongen (vi har ikkje sjukehusplass til alle på ein gong.) Ikkje ille for ein pandemi, men nok til at dei fleste har ein kjenning eller slektning som vil døy av han. Og same kor mykje pengar du har og kor høgt på strå du er, dei døde kan du enno ikkje vekkje opp.