fredag, januar 11, 2008

Endå ei datamaskin!


Nei, det er ikkje etterfylgjaren til TERRA. Dette er ei bærbar maskin, og ho er ikkje eingong meint å kome i staden for den bærbare spelmaskina frå Dell som eg kjøpte i desember 2006. Dell-maskina blir framleis brukt i heimen, om lag ein gong i veka og stundom meir, til å spele City of Heroes, når "otaku trio" er aktive alle på ein gong.


NOZEXPLZ (mitt namn i nettverket) er den styggaste bærbare maskina eg kan minnast å ha sett sidan 80-talet, då bærbare maskiner var (som ein artikkel skildra dei) "omlag så tunge som ein sekretær og noko heitare". Denne er ikkje plagsamt tung, men nesten så brei som ein sekretær, om du måler dei delene av kvar som er nedpå fanget ditt. Men berre nesten, og i motsetnad til sekretærar har denne maskina eige tal-tastatur til høgre, som eit skikkeleg tastatur. Ikkje at det er mykje "skikkeleg" over dette tastaturet, som er i bleik plastikk-aktig plast. Dette til skilnad frå resten av maskina, som er i grå plastikk-aktig plast. Ikkje mykje hykleri der i garden! "No er det på tide å lage ei maskin som ikkje berre er billeg, men ser skikkeleg billeg ut" må LG kanhende ha tenkt. Og det lukkast dei med.


Trass i eit skranglete tastatur og billeg plast overalt, er LG E500 fullt på høgde med ei standard 10000 kroners maskin (eller 8000 på postordre). 2 GB minne gjer at Vista glir så fint som ei and i dammen, jamt og staseleg. Ein Intel Core2 Duo tokjerne-prosessor gjer det arbeidet som gjerast skal. Jamvel grafikk-kortet, NVIDIA GeForce 8400M G, er meir enn eg treng sidan dette ikkje er ei spelmaskin. Det er eit stereoanlegg med e-post og internett. Eller det er kva eg brukar henne til.

Å ja, prisen. 7700 kroner ga eg på Expert, men dei var nesten utselde... endå om seljaren gjorde kva han kunne for å få meg til å kjøpe ei 10000 kroners maskin med omlag same eigenskapane men smexy layout og svart metall-liknande plast.