torsdag, januar 17, 2008

Litt meir om internett-musikk

Før i tida hadde eg ein CD-spelar og fleire høge stablar med CD-plater på kontoret. No har eg lese inn mine favoritt-plater på harddisken heime, og installert eit program som heiter "Winamp Remote". På den bærbare datamaskina har eg ein liten mottakar for ICE mobilt internett. Når eg ønskjer å høyre ein av favoritt-låtane mine, kan eg logge meg på ei vevside som kallar opp maskina mi heime og får henne til å spele av songen over Internett. Så alle CDar eg har lagt inn heime har eg óg med meg kvarhelst eg har Internett.

I tillegg lyttar eg på last.fm, ein "Internett radio" som spelar tilfeldige plater som den trur eg likar. Dersom eg høyrer ein song eg skikkeleg mislikar, kan eg trykke ein knapp så den aldri blir spela meir. Dersom eg berre ikkje vil høyre han no, kan eg spole forbi. Dersom det er ein song eg likar, kan eg sei frå om det og den vil kome på ein annan kanal som berre spelar favorittar. Det er ei nokså blanda forsamling, du kan høyre dei på http://www.last.fm/listen/user/Itlandm/loved .

Elles abonnerer eg på MSN si musikkteneste. Den har ikkje særleg mykje god musikk, men den som er kan du høyre så ofte du vil, ikkje i tilfeldig rekkefølgje som på Last.FM.

fredag, januar 11, 2008

Endå ei datamaskin!


Nei, det er ikkje etterfylgjaren til TERRA. Dette er ei bærbar maskin, og ho er ikkje eingong meint å kome i staden for den bærbare spelmaskina frå Dell som eg kjøpte i desember 2006. Dell-maskina blir framleis brukt i heimen, om lag ein gong i veka og stundom meir, til å spele City of Heroes, når "otaku trio" er aktive alle på ein gong.


NOZEXPLZ (mitt namn i nettverket) er den styggaste bærbare maskina eg kan minnast å ha sett sidan 80-talet, då bærbare maskiner var (som ein artikkel skildra dei) "omlag så tunge som ein sekretær og noko heitare". Denne er ikkje plagsamt tung, men nesten så brei som ein sekretær, om du måler dei delene av kvar som er nedpå fanget ditt. Men berre nesten, og i motsetnad til sekretærar har denne maskina eige tal-tastatur til høgre, som eit skikkeleg tastatur. Ikkje at det er mykje "skikkeleg" over dette tastaturet, som er i bleik plastikk-aktig plast. Dette til skilnad frå resten av maskina, som er i grå plastikk-aktig plast. Ikkje mykje hykleri der i garden! "No er det på tide å lage ei maskin som ikkje berre er billeg, men ser skikkeleg billeg ut" må LG kanhende ha tenkt. Og det lukkast dei med.


Trass i eit skranglete tastatur og billeg plast overalt, er LG E500 fullt på høgde med ei standard 10000 kroners maskin (eller 8000 på postordre). 2 GB minne gjer at Vista glir så fint som ei and i dammen, jamt og staseleg. Ein Intel Core2 Duo tokjerne-prosessor gjer det arbeidet som gjerast skal. Jamvel grafikk-kortet, NVIDIA GeForce 8400M G, er meir enn eg treng sidan dette ikkje er ei spelmaskin. Det er eit stereoanlegg med e-post og internett. Eller det er kva eg brukar henne til.

Å ja, prisen. 7700 kroner ga eg på Expert, men dei var nesten utselde... endå om seljaren gjorde kva han kunne for å få meg til å kjøpe ei 10000 kroners maskin med omlag same eigenskapane men smexy layout og svart metall-liknande plast.