søndag, desember 27, 2009

Personleg: Flytting

For slekt og vener som av einkvan grunn ikkje les engelsk:  Eg er i ferd med å flytte frå Nodeland til Møll, ei idyllisk lita jordbruks-grend nord om Mandal, i Holum prestegjeld. Lat insekt-vitsane flagre! Møllkuler bit ikkje på meg.

Eg har fått leige eit lite hus som ligg for seg sjølv men med kort gangveg til buss. Førebels er eg berre innom etter arbeid og tek med meg små ting som klede, gardiner, bøker og små datamaskiner, og reiser attende til Nodeland om kvelden.  Men eingong i januar er det planen at eg skal flytte over.

Posten vil bli ettersendt i eit års tid, slik som sist eg flytte.  Epost-adressa er uendra. Derimot vil fasttelefonen bli borte.  Dette er eit så langt flytt at nummeret uansett ikkje ville vore det same. Dersom eg får fiberoptisk internett slik eg har tinga vil det ikkje vere bruk for telefon lenger. Eg har mobiltelefon, men brukar han berre nokre minutt i året.

(For dei som ikkje veit det så har eg ein gradvis framskridande tilstand med røystebanda slik at eg berre kan snakke ganske lite.  Etter eit par hundre ord blir halsen sår og etter ei tid kan eg ikkje snakke meir.  Lange telefonsamtalar er då uansett berre for dei som har mykje på hjarta og ikkje treng å høyre meir enn eit ja og ha no og då.  Slike vener hadde eg ei tid, men av einkvan grunn har vi drive frå kvarandre.  No vel, du ser at eg ikkje har tarv for to telefonar.)

Eg har hatt det fint her på Nodeland, men det ser greitt ut på Møll og.  Huset er gamalt men pussa godt opp, særleg i første høgda. Der er jamvel ei heilt ny varmepumpe, sjølv om den går berre til luft og ikkje til vatn eller grunnvatn. Og for første gongen sidan eg flytte heimanfrå som 15-åring er eg omkransa av grøne bøar og elv i staden for hus og plenar. Det er ikkje mykje eg får sett av landskapet på denne tida av året, sjølsagt, men det blir vel vår denne gongen og, får vi vone.

Dersom du treng adressa eller kart til kvar eg bur, kan du kontakte meg. Eller du kan spørje kven som helst i Holum prestegjeld. Det ser ut til å vere ein av desse små stadene der alle kjenner alle. Berre ikkje eg, for eg er eit pinnsvin.

fredag, oktober 30, 2009

Norsk, engelsk, bokmål og ubuntu

Dersom du les dette på ei datamaskin, så brukar du eit operativsystem. Microsoft Windows er det mest brukte, og er eit temmeleg godt eit. Men det er ikkje det einaste. Dersom du har ei maskin frå Apple så har den sitt eige system. Og dersom du er meg så brukar du Linux mykje av tida.

"Linux er betre enn virus" er mitt slagord. Fordi så mange amatørar brukar Windows så blir dei fleste virus og andre skumle program skrivne særskilt for Windows. Dei verkar ikkje på andre system. Dessverre er Apple sine maskiner endå dyrare enn dei som køyrer Windows. Men her er det at Ubuntu kjem inn. Ordet er afrikansk, som du sikkert kan høyre. Det er ein kar frå Sør-Afrika, Mark Shuttleworth, som har organisert og finansiert denne versjonen av Linux. Systemet er gratis og kan brukast til dei fleste vanlege oppgåver i heim og arbeid, slik som e-post, nettlesing, reknskap, chat, nettbank, spele musikk og film, og City of Heroes. (Ikkje at eg spelar CoH på jobben, sjølvsagt. Vanskeleg å drive brukarstøtte og samstundes bruke gammasynet mitt mot ovdigre robotar! Lunsjpausen treng eg til å skrive på nettet, ser du.)

Linux, og dermed Ubuntu, er å få på mange språk. Mellom dei er nynorsk. Denne omsetjinga er det friviljuge som gjer, og kvaliteten varierer. Ofte er somme meldingar omsett til nynorsk, andre er enno på engelsk, og nokre ganske få er på bokmål. For meg gjer dette ingen skilnad, men det kan hende det enno lever nokre få nynordmenn som har datamaskiner og ikkje skjønar engelsk. Sant om eg veit. Men det aller, aller meste er på Målet Hennar Mor. Kanhende eg skulle melde meg friviljug til å omsetje resten - det ser ut til at eg er ein av dei mest duglege brukarane av nynorsk som enno er i live, nest etter språkprofessorar og ein og annan forfattar. Det har sant og visst går utforbakke med målet vårt siste ættleden.

Du kan ha Ubuntu og Windows på same maskina, i fall du skulle trenge Windows for eitt eller anna av og til. (Sims 3, mest sannsynleg, sidan det ikkje verkar i Linux. Spelet brukar eit innfløkt kopivern, og Linux har ikkje støtte for slikt. Det er laga av folk som meinar at "informasjon ønskjer å vere fri".)

Les meir om gratis operativsystem på norsk:
Ubuntu Norge
Linux Norge

mandag, august 31, 2009

Dumskap frå NHO

Ein skulle vente klokskap frå folk som har ansvar for hundretusenvis av arbeidsplassar. Men det syner seg at det er menneskeleg å vere dum, så lenge ein berre tenkjer snevert på seg og sitt.

No går ein talsmann for NHO ut og seier at det blir for lettvint at folk med svineinfluensa skal få sjukmelding over telefon.  Det vil påføre samfunnet store kostnader, seier han.  Men kva med alternativa?

Kanhende han vil at folk med grisesjuka skal kome på jobb og smitte alle der på ein gong, så dei må stenge dørene veka etterpå? Dersom smitta sprer seg mest gjennom skulen, slik det no ser ut til, vil den i alle fall kome til litt ulik tid til dei ulike arbeidarane, sidan ikkje alle har born i skule og førskule, og i det minste ikkje alle har born på same skulen.  Dermed vil dei fleste arbeidsplassar vere i stand til å halde det gåande, om enn med færre tilsette.

Eller kanhende han vil at dei sjuke skal gå til lækjaren, og smitte heile venterommet som er fullt av dei som har minst å stå imot med.  Kanhende samfunnet kan spare store summar på at dei kronisk sjuke døyr i fleng, men Gud fri oss frå slike innsparingar.

Kanhende arbeidsgjevarane er redde for at folk skal ringe etter sjukmelding når dei ikkje er sjuke. Og det kan vel finnast dei som er dumme nok til å prøve. Men her har vi ein sjukdom som ingen under 60 har motstand mot. Det vil sei at før eller sidan får du han.  (Vaksina kjem for seint dersom vi held skulane opne, slik det no er lagt opp til.)  Dersom du altså har teke dine grisedagar tidleg, har du eit problem når du faktisk blir sjuk.

Dette er ikkje ei sjette ferieveke, det er ein sjukdom som drep rundt 1 av 200. Kanhende noko mindre dersom vi klarar å seinke han slik at ikkje for mange blir sjuke om gongen (vi har ikkje sjukehusplass til alle på ein gong.) Ikkje ille for ein pandemi, men nok til at dei fleste har ein kjenning eller slektning som vil døy av han. Og same kor mykje pengar du har og kor høgt på strå du er, dei døde kan du enno ikkje vekkje opp.

tirsdag, mai 26, 2009

Google bekymre deg den nyeste informasjone

Overskrifta idag er henta frå Google Translate, som eg ga i oppdrag å omsetje ein japansk blogg.  Det var ikkje mykje å bli klok av, sjøl om det gjekk an å gisse seg til litt av innhaldet.  (Det trur eg ikkje du kunne klart utan omsetjing.)

Mellom nærtståande språk som engelsk og norsk, derimot, går det lettare.  Det hjelper óg at slik omsetjing er meir vanleg, sidan Google Translate blir betre med bruk.  Du kan nemlig rette på openlyse feil du ser.

Diverre er nynorsk ikkje enno på lista, men dei fleste nordmenn er utsette for bokmål dag etter dag så det klarar seg vel for no.

Dermed er det ingen grunn for meg til å skrive på norsk, utanom dei få ting som berre vedkjem nordmenn.  Adressa til den originale (og beste) Kaosnoden i Googliansk omsetjing er her.

torsdag, juni 12, 2008

Ny ekteskapslov

Dette går heilt feil veg. Staten skulle slutte å blande seg i folk sin sivilstand i det heile. Det er eit sakrament og høyrer inn under den religiøse sfære, ikkje den verdslege. Skulle skattelova ha ein paragraf om kven som kvalifiserer for nattverd?  Eller arvelova ha sær-reglar for dei som har fått Den Siste Olje før dei sov inn? At staten skal ha noko med sakramenta å gjere er ein arv frå ei anna tid.  No då staten ikkje ser seg sjølv som ein Guds tenar, må han heller ikkje forvalte sakrament. (Det skulle han no uansett aldri ha gjort.) 

Å gje eller ta pengar basert på folk sitt kjønnsliv er tvilsamt nok i privat samanheng. For staten å gjere dette skulle sjølsagt vere tabu.  Det blir ikkje magisk betre av å inkludere homofile.  Det berre viser kor malplassert det heile er.  Korleis kom dei før dei polygame i køa, forresten?  Muslimar kan ha opp til fire koner. Ved å halde tre av desse utanfor, diskriminerar vi mot dei stakkars snille muslimane som aldri har gjort oss noko vondt...

Stopp dyneløftinga.  Ekteskapet ut av statsbudsjettet.

fredag, mars 07, 2008

Fritt Vestland!

Professor Aarebrot åtvarar mot vestlandsk separatisme.

Kva er så gale med det?  Folket på Vestlandet, i Nord-Noreg, på Island og Færøyane kom hit i yngre steinalder langs dei frisiske øyane ved Holland; vi er meir i slekt med nederlendarar og engelskmenn enn med austlendingane og trønderane, som kom austervegen saman med danskane og svenskane, opp gjennom Tyskland. At vi kom til å leve i same nasjon som desse reserve-svenskane er eit samantreff av diverse kongar sine hell og uhell på slagmarka og i senga. Vi er ikkje særleg nær i slekt, heller ikkje var språket vårt, til dess vi fekk tredd dansken ned over hovudet.

Ja til eit fritt Vestland! Nei til kolonialisme og utsuging! Røyst Vestlandspartiet!

torsdag, januar 17, 2008

Litt meir om internett-musikk

Før i tida hadde eg ein CD-spelar og fleire høge stablar med CD-plater på kontoret. No har eg lese inn mine favoritt-plater på harddisken heime, og installert eit program som heiter "Winamp Remote". På den bærbare datamaskina har eg ein liten mottakar for ICE mobilt internett. Når eg ønskjer å høyre ein av favoritt-låtane mine, kan eg logge meg på ei vevside som kallar opp maskina mi heime og får henne til å spele av songen over Internett. Så alle CDar eg har lagt inn heime har eg óg med meg kvarhelst eg har Internett.

I tillegg lyttar eg på last.fm, ein "Internett radio" som spelar tilfeldige plater som den trur eg likar. Dersom eg høyrer ein song eg skikkeleg mislikar, kan eg trykke ein knapp så den aldri blir spela meir. Dersom eg berre ikkje vil høyre han no, kan eg spole forbi. Dersom det er ein song eg likar, kan eg sei frå om det og den vil kome på ein annan kanal som berre spelar favorittar. Det er ei nokså blanda forsamling, du kan høyre dei på http://www.last.fm/listen/user/Itlandm/loved .

Elles abonnerer eg på MSN si musikkteneste. Den har ikkje særleg mykje god musikk, men den som er kan du høyre så ofte du vil, ikkje i tilfeldig rekkefølgje som på Last.FM.