Fritt Vestland!
Professor Aarebrot åtvarar mot vestlandsk separatisme.
Kva er så gale med det? Folket på Vestlandet, i Nord-Noreg, på Island og Færøyane kom hit i yngre steinalder langs dei frisiske øyane ved Holland; vi er meir i slekt med nederlendarar og engelskmenn enn med austlendingane og trønderane, som kom austervegen saman med danskane og svenskane, opp gjennom Tyskland. At vi kom til å leve i same nasjon som desse reserve-svenskane er eit samantreff av diverse kongar sine hell og uhell på slagmarka og i senga. Vi er ikkje særleg nær i slekt, heller ikkje var språket vårt, til dess vi fekk tredd dansken ned over hovudet.
Ja til eit fritt Vestland! Nei til kolonialisme og utsuging! Røyst Vestlandspartiet!