Ny ekteskapslov
Dette går heilt feil veg. Staten skulle slutte å blande seg i folk sin sivilstand i det heile. Det er eit sakrament og høyrer inn under den religiøse sfære, ikkje den verdslege. Skulle skattelova ha ein paragraf om kven som kvalifiserer for nattverd? Eller arvelova ha sær-reglar for dei som har fått Den Siste Olje før dei sov inn? At staten skal ha noko med sakramenta å gjere er ein arv frå ei anna tid. No då staten ikkje ser seg sjølv som ein Guds tenar, må han heller ikkje forvalte sakrament. (Det skulle han no uansett aldri ha gjort.)
Å gje eller ta pengar basert på folk sitt kjønnsliv er tvilsamt nok i privat samanheng. For staten å gjere dette skulle sjølsagt vere tabu. Det blir ikkje magisk betre av å inkludere homofile. Det berre viser kor malplassert det heile er. Korleis kom dei før dei polygame i køa, forresten? Muslimar kan ha opp til fire koner. Ved å halde tre av desse utanfor, diskriminerar vi mot dei stakkars snille muslimane som aldri har gjort oss noko vondt...
Stopp dyneløftinga. Ekteskapet ut av statsbudsjettet.