lørdag, mai 20, 2006

Alvedans?

Eg likar svært godt den norske songen i Eurosong festivalen / Melodi Grand Prix. Bortsett frå ein ting: Teksten. Den forferdelege, skammeleg patetiske teksten. Eg skulle ønskje dei hadde skrive han på samisk så ikkje eg forsto kva dei sa. Eller endå betre, Quenya (alvemålet til Tolkien).

onsdag, mai 17, 2006

Straumbrot

Idag har straumen kome og gått fleire gonger. Det er ganske irriterande sidan alle datamaskinene mine går ned. Eg kunne brukt den bærbare, som har batteri, men rutaren og ADSL modemet går på lysnettet óg. Og uansett er det ikkje stort den gamle bærbare kan brukast til.

Av anna nytt kan nemnast Google Notebook. Ja vi elskar Google litegrann.

mandag, mai 15, 2006

Første vitjing frå brannvesenet

Til alt hell var dette ein førebyggjande inspeksjon, ikkje ei utrykking! Denne karen, som óg arbeider som feiar her, var både nede i kjellaren og inn på soverommet for å inspisere pipa. Han fortalde meg at ved ein pipebrann kan det bli 1000 grader, ikkje berre øvst men heile vegen ned, og pipa kan slå sprekker. Då er det ikkje lurt å ha strietapet på.

Det undrar meg at dei kan kome på dette no etter at huset har stått sidan 1968. Men det er vel heller slik at i den tida tok ein ting meir som dei kom. "Sett slikt, der brann huset ned. Jaja, det var vel ein Herrens vilje med det." I våre dagar, derimot, er det knapt nok akseptabelt å døy av alderdom eingong. Og når sant skal seiast, likar eg sjølv den nye tankegangen betre.

søndag, mai 14, 2006

Idag haltar eg

Merka eigentleg ikkje stort før eg skulle gå ein tur i kveld. Då eg byrja gå, såg eg at eg halta stygt. Det gjer ikkje særleg vondt, men høgre foten peikar eit stykke ut til sida, og dersom eg prøver å vende den rett fram, gjer det vondt i hofta. Ingen ide om kvatid og korleis det vart slik, men det var ikkje slik i går. Vonar det ikkje vert slik i morgon heller. Merkeleg.

Elles har eg temmeleg gode dagar her. Den voldsomme varmen sist veke har langt på veg gitt seg, så det er meir komfortabelt no.

tirsdag, mai 09, 2006

Ikkje noko å sjå her

Har vore litt småsjuk siste par dagane, nok til å ikkje drive kroppsøving, men ikkje verre enn at eg var på jobb idag måndag 5-6 timar. Elles spelar eg Oblivion, men det er på engelsk. Har kjøpt eitpar e-bøker, men dei er og på engelsk. Det er i grunnen berre jobben min som ikkje er på engelsk no om dagane, og den har eg lova dei å ikkje skrive om.

torsdag, mai 04, 2006

Første skikkelege sommardagen

Første dagen på eit halvt års tid at det slett ikkje trengst jakke utandørs, sjøl ikkje i skuggen.

Så er det og fødselsdagen til broren min, sjøl om han ikkje vil vedgå det. (Han brukte å sei at han var fødd 31. april...) Eg feirar ikkje årmålsdagar og jul og denslags; det er for ungar. Men han er 50 nett no, så han kan nok ikkje unngå å leggje merke til det.