lørdag, september 29, 2007

Alt med måte og særleg trening

Eg har ein teori om at det står tusenvis av trimsyklar rundt om som mannfolk har kasta seg på og så gjeve opp etter nokre dagar, stive og støle og sure. Det er slik at når ein, som eg, ikkje har sykla sidan ungdomen, så treng kroppen tid til å venje seg. Difor har eg berre sykla ti minutt annakvar dag. Kanhende eg kunne sykla litt meir utan å få vondt nokon stad, kven veit. Men det har lite for seg. Poenget no første veka var å overtyde kroppen om at desse uvanlege rørslene er komne for å bli. Det første som då hender er at kroppen legg ut nye små blodårar i dei musklane som blir meir brukte. Det ser ut som dette er gjort: Sist natt var pulsen min lågare med same motstanden som eg hadde brukt første to gongene. Berre heilt på slutten av dei ti minutta gjekk pulsen opp.

Eg syklar framleis med låg motstand, 3 av 8. Musklane må få tid til å vekse seg til, og ikkje minst sener og ledd. Dette tek nok litt lenger tid, så det blir ikkje noko styrketrening på lenge enno. Men neste veke, om ikkje noko kjem på, tenkjer eg å anten auke lengda eller sykle kvar dag.

Men ikkje i dag! I dag vil eg ikkje gjere det slag. Eg kjenner litt i armane, mest den høgre. Berre ganske lite, men eg veit ikkje om det kjem frå syklinga eller av di eg bar nokre kassar på jobben i går. Litt synd, for i dag regnar det, og det er heller kaldt i stova. Nett slik ein dag var det eg tenkte på då eg kjøpte sykkelen: Å kunne varme opp stova med kjøtkraft. (Og om ikkje sjølve rommet vert så mykje varmare, så vert i det minste eg det.)

mandag, september 24, 2007

Ergometersykkel!


Idag fekk eg min første ergometersykkel! Han kom i ei nokså flat (og tung) pakke, og eg brukte omlag 500 kilokaloriar berre medan eg skrudde han ihop. ^_^


Eg har gått og kikka litt etter trimsykkel ei stund, og nett då eg skulle til å kjøpe ein annan, fekk eg det for meg å vandre ein annan veg og såg ein Intersport-butikk der eg stakk innom. Dei hadde kampanje (har enno om ikkje dei er utselde) der eg fekk kjøpt ein Nordic 300 Tour Edition for 1499 kroner. Det ordna seg for dei snille denne gongen! Ein på jobben var så hjartegod å køyre pakken heim for meg endå han hadde det travelt sjølv. Deretter plundra eg ei stund med å skru han saman, og klarte det til slutt. Vel, det er to deler eg ikkje skjønar kvar høyrer saman, men dei er berre plastdeksel. Den virkar purrfekt.


Sidan eg ikkje har sykla på år og dag, "sykla" eg berre i ti minutt, og i roleg tempo, ein puls på 110-120, om lag som når eg går litt fortare enn eg ville gjort av meg sjølv. Eg kan kjenne at eg brukte heilt andre muskelgrupper på heilt andre måtar enn når eg går. Skulle ikkje undre meg om eg er litt støl imorgon. Eg har tenkt å halde fram å trimsykle 10 minutt eitpar gonger i veka til kroppen har akseptert og byrja bygge opp dei musklane eg brukar til sykling. Først då kan eg få fullt utbyte av han. Planen er å varme opp stova med trimsykkel-energi om vinteren!


Dette er ein sykkel med magnetisk motstand, og ein køyrecomputer med mange funksjonar og nesten ingen dokumentasjon.