lørdag, september 29, 2007

Alt med måte og særleg trening

Eg har ein teori om at det står tusenvis av trimsyklar rundt om som mannfolk har kasta seg på og så gjeve opp etter nokre dagar, stive og støle og sure. Det er slik at når ein, som eg, ikkje har sykla sidan ungdomen, så treng kroppen tid til å venje seg. Difor har eg berre sykla ti minutt annakvar dag. Kanhende eg kunne sykla litt meir utan å få vondt nokon stad, kven veit. Men det har lite for seg. Poenget no første veka var å overtyde kroppen om at desse uvanlege rørslene er komne for å bli. Det første som då hender er at kroppen legg ut nye små blodårar i dei musklane som blir meir brukte. Det ser ut som dette er gjort: Sist natt var pulsen min lågare med same motstanden som eg hadde brukt første to gongene. Berre heilt på slutten av dei ti minutta gjekk pulsen opp.

Eg syklar framleis med låg motstand, 3 av 8. Musklane må få tid til å vekse seg til, og ikkje minst sener og ledd. Dette tek nok litt lenger tid, så det blir ikkje noko styrketrening på lenge enno. Men neste veke, om ikkje noko kjem på, tenkjer eg å anten auke lengda eller sykle kvar dag.

Men ikkje i dag! I dag vil eg ikkje gjere det slag. Eg kjenner litt i armane, mest den høgre. Berre ganske lite, men eg veit ikkje om det kjem frå syklinga eller av di eg bar nokre kassar på jobben i går. Litt synd, for i dag regnar det, og det er heller kaldt i stova. Nett slik ein dag var det eg tenkte på då eg kjøpte sykkelen: Å kunne varme opp stova med kjøtkraft. (Og om ikkje sjølve rommet vert så mykje varmare, så vert i det minste eg det.)