Tenk det, Gjedrem
Folk er slutta å spare, eller rettare sagt, i gjennomsnitt låner dei meir enn dei sparer. Merkelege greier, når rentene har ligge berre så vidt over null i årevis. Og prisane på hus går berre opp og opp, vel over det dei er verd dersom du berre skal bu i dei eller leige dei ut. Merkelege greier det, når bankane kastar millionar etter folk.
Men no når sentralbanksjefen har fortalt oss alle at bustad-prisane er for høge og at vi må slutte å låne, så vil folk klokeleg ta det til hjarta. For folk er ikkje dumme, eller grådige, eller styrde av kjensler, eller opptekne av å syne seg minst like bra som naboen. Dei er "rasjonelle aktørar" som det heiter i økonomi-språket. Ja, i alle fall er dei det i teorien. I modellane i datamaskinene til Norges Bank, Finansdepartementet og Statistisk Sentralbyrå, der er vi alle rasjonelle aktørar. Men sant om eg kan sei eg har møtt nokon slike sjølv. Alt eg ser er menneske.