lørdag, mars 25, 2006

Laurdag

Vel, pulsen min er attende til normalt (rundt 80 ståande på stovegolvet, mot 105 sist helg då eg hadde verk i overkjeven). Så den svake hovudpina kjem truleg ikkje frå ein infeksjon denne gongen. På tide å ta ein times spasertur, slik eg brukar å gjere på laurdagar. I Søgne var butikken omlag så langt unna at det høvde, her er butikkane så mykje nærare at eg ikkje har det å skulde på. Så det blir til at eg berre går for å gå, endå så mykje det byr meg imot. Men kroppen treng å haldast vedlike når ein nærmar seg 50. I denne alderen hadde mor mi allereie høgt blodtrykk og byrjande sukkersjuke, etter det eg minnest. Far min fekk sukkersjuka seinare, men det er litt i seinaste laget når du står der med diagnosen i handa.

Sjølsagt kan det hende eg kjem under ein lastebil, og all gåinga har vore til inga nytte. "Et sunt, tren regelmessig, døy likevel." Så berre for å vere på den sikre sida har eg tenkt å nyte turen. Eg tek med meg fotoapparatet og min Sony Network Walkman (det er deira Sonyspråk for MP3 spelar).

Ja ne, minna-san!

1 Comments:

Blogger Magnus Itland said...

Bilete av spelaren og soga om kvifor eg kjøpte han (på engelsk) på http://chaosnode.net/oct05/di051012.html

Den har berre 512 MB minne, men den tilsvarande modellen idag har 1GB etter kva eg nyleg høyrde.

1:43 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home