tirsdag, juni 06, 2006

Piratkopiering og fargekrit

"Foreldre må betale for barnas tagging. Hvorfor ikke også når de sjeler musikk?" spør Inger Marie Sunde i artikkelen "Fildeling og straff" i Dagens Næringsliv idag, 06-06-06.

Fordi det aller meste av tjuveriet er av same natur som når ungar teiknar med fargekrit på asfalten. Når neste regnbyge er over, er skadeverket borte.

Det platebransjen ikkje har fått med seg, er det som magasinet The Economist kallar "avstandens død". Og det er faktisk ikkje berre avstanden, men til ei viss grad tida, som har fått på pukkelen etter at Internettet kom. Der ein flokk ungdomar før kunne sitje saman om ein platespelar og lytte til dei same platene, kan no ein flokk ungdomar lytte på venene sin musikk over Internettet. For det aller meste er dette plater som dei aldri ville tenkt på å kjøpe, og i mange tilfelle spelar dei den aldri om att. Det er dette eg samanliknar med fargekrit på asfalt.

Sidan eg var ein liten unge på 60-talet har folk hatt evne og vilje til å kopiere musikk. Vi brukte kassettar til det. Det hindra oss ikkje frå å kjøpe musikk når vi fekk råd til det, og Internettet har heller ikkje fått slutt på platesalet. Berre i det aller siste har det vore ein nedgang. Det er vanskeleg å sei om dette skuldast mangel på god musikk eller det faktum at plateselskapa går ut offentleg og skrik ut sitt hat mot kundane sine.

Når representantar for plateselskapa (og deira betalte handlangarar) framstiller det som eit økonomisk tap når vener lytter til kvarandre sin musikk, er det to forklaringar: A) Dei lyg for pengar og håpar at ingen merkar det, B) dei er gale i hovudet og treng psykiatrisk hjelp.

Eg heller til B, for eg har sett det same på andre område i livet: Når folk blir heilt isolert frå den verkelege verda av "ja-menn" som nikkar og smiler til alt dei seier, går det på forstanden laus. Det renn meg i hug eit sitat frå ei av dei Apokryfiske Bøker: "Gråt over den døde, for lampa hans er slokna. Men gråt meir over dåren, for forstanden hans er slokna."