søndag, juli 29, 2007

Sommarbrev

Eg lever enno, og har så vidt eg veit ingen alvorlege problem. Gjev det vore så vel med landet vårt. Kvarhelst eg ser er folk rusa på pengar. Aldri har det vore så mykje pengar i hendene på vanlege folk, og aldri har folk vore så ville og gale etter pengar heller. Det er knapt nokon som tek seg tid til å stogge opp og setje pris på det dei har. Så når dei sju feite åra er omme, har folk ikkje berre brukt opp pengane og lånt endå mykje meir, dei har óg hovudet fullt av planar som er så levande for dei at dei berre må ha dette og hitt.

Eg fekk att den store svarte datamaskina mi frå reparasjon sist månad. Eg har tenkt på om eg skulle kjøpe ei ny til hausten (når neste tilleggspakke til Sims 2 kjem ut) men sant å sei er denne meir enn god nok. Det kan vere greitt å ha litt pengar til overs når eg må flytte til vinters. (Vel, anten flytte eller byte jobb. Det er ikkje heilt avklåra enno. Ser ut som arbeidsplassen min vart teken på senga i dette stykket.)

Denne sommaren har ikkje vore så tropisk her på Sørlandet som den i fjor, og glad er eg for det. Eg gler meg for kvar regnværsdag, då blir eg ikkje kokt i huset med dei store vindauga. (Sjøl med markiser og persienner er det eit drivhus.) Eg har dessutan ingen ferie om sommaren. Arbeidsplassen min har særs god kjøling (kaldt vatn sirkulerer i taket) så det blir aldri for heitt eller for kaldt. Og vindauga vender innover mot gardsplassen heller enn ut i solsteiken. Den beste staden å vere på ein sommardag!