fredag, november 17, 2006

Tankekors

Utan mangfoldige millionar i opsjons-gåvepakke hadde Telenor-sjef Baksaas ikkje gjort så god ein jobb, fortel han til Dagens Næringsliv.

Men kanhende nokre tusen Telenor-tilsette hadde jobba betre?

torsdag, november 09, 2006

Kunnskap er makt (og pengar)

Dersom styresmaktene på alvor vil ha økonomisk vekst her i landet, bør dei snarast opprette eit gratis internett-universitet der alle kan studere så mykje dei vil. På norsk, sjølsagt, så ikkje utlendingane kan ri på vår hest.

Eg treng vel ikkje nemne at breiband til alle er ein menneskerett i eit sivilisert samfunn i våre dagar.

(Ja, eg skriv dette dillet i lunsjpausen. Kor trist er ikkje det?)

Dagens Næringsliv og uføretrygd

Dagens Næringsliv har siste veka eller så hatt ein serie artiklar, godt synlege på framsida, der dei ser på bruken av uførepensjon. Dei startar med den store mengda pakistanske framandarbeidarar som går på trygd. Dette er ei god sak å starte med, fordi du straks har dei norske lesarane på di side. "Ja! Slik må det vere! Dei kjem hit og tek uføretrygdene våre!" Etter at bladet har fått fram dette, går dei vidare til barnefamiliar, utkantkommunar og smittsam uføretrygd. Eit kjernepunkt som kom fram er at uføretrygda får store barnetillegg og andre goder som ikkje har noko med sjukdomen å gjere, som garantert bustøtte. Sjøl om dei hadde tent litt meir på å jobbe, ville dei gått glipp av desse tillegga (og betalt meir skatt) så dei ville tapt grundig på arbeidet. Det er ikkje vanskeleg å skjøne kva DN vil oppnå med denne saka. Dei vil sjølsagt at mindre pengar skal gå til dei sjuke og meir til direktørane og styreleiarane. For det er jo slik at dersom norske toppsjefar skulle tene berre ti gonger så mykje som arbeidarane, i staden for hundre gonger så mykje, så ville dei reise utanlands og bli sjefar der i staden, og kva skulle vi då gjort, med alle verksemdene utan toppsjef? Det er ein god ting med DN, vi veit kvar vi har dei. Men det spanande er det alternativet som ikkje blir nemnt, sikkert ikkje eingong tenkt på: At staten kanskje kan spare store pengesummar og løyse presserande samfunnsoppgåver ved å gje barnetillegg til lågtlønte på same nivå som ei tilsvarande uføretrygd ville gitt.

mandag, november 06, 2006

NaNoWriMo

Ifall nokon skulle vere i tvil: Eg er atter ein gong med på NaNoWriMo, den (inter)nasjonale roman-skrivings-månaden. I år skriv eg (som vanleg på engelsk) ein romantisk komedie om ein ung mann som går på distriktshøgskulen, ei jente i siste klasse på vidaregåande, ein katt som av og til blir til ein gut, ei kvinneleg badevakt, ei bestemor med Alzheimer's, foreldre som aldri er heime, og den egyptiske gudinna Bast. Eg kunne vel like gjerne ha skrive på norsk, sidan det sikkert ikkje blir nokon som les i alle fall, men eg kan ikkje diktere til maskina mi på norsk og få det skrive ned. Det kan eg på engelsk. Så engelsk er og blir mitt nye hovudmål. Så lite skal det til.

torsdag, november 02, 2006

Heilt greitt det, Klungland...

Stortingsrepresentanten Klungland frå AP vil at AFP (avtalefesta pensjon) skal vere reservert for dei fagorganiserte.

Det er heilt greitt det, Klungland. Men sidan staten legg ut mesteparten av utgiftene, må dei uorganiserte få eit tilsvarande frådrag i skatten. Er det greitt for deg?

Det er trass alt dei fagorganiserte som har kjempa fram denne ordninga, seier Klungland og venene hans. Jaha? Eg trudde det var eit stortingsvedtak eller to. Men dersom du kan kjempe fram eit AFP som ikkje kostart skattebetalarane noko, så for all del. Det vil gjere oss uorganiserte langt meir ettertrakta på arbeidsmarknaden.