torsdag, november 09, 2006

Dagens Næringsliv og uføretrygd

Dagens Næringsliv har siste veka eller så hatt ein serie artiklar, godt synlege på framsida, der dei ser på bruken av uførepensjon. Dei startar med den store mengda pakistanske framandarbeidarar som går på trygd. Dette er ei god sak å starte med, fordi du straks har dei norske lesarane på di side. "Ja! Slik må det vere! Dei kjem hit og tek uføretrygdene våre!" Etter at bladet har fått fram dette, går dei vidare til barnefamiliar, utkantkommunar og smittsam uføretrygd. Eit kjernepunkt som kom fram er at uføretrygda får store barnetillegg og andre goder som ikkje har noko med sjukdomen å gjere, som garantert bustøtte. Sjøl om dei hadde tent litt meir på å jobbe, ville dei gått glipp av desse tillegga (og betalt meir skatt) så dei ville tapt grundig på arbeidet. Det er ikkje vanskeleg å skjøne kva DN vil oppnå med denne saka. Dei vil sjølsagt at mindre pengar skal gå til dei sjuke og meir til direktørane og styreleiarane. For det er jo slik at dersom norske toppsjefar skulle tene berre ti gonger så mykje som arbeidarane, i staden for hundre gonger så mykje, så ville dei reise utanlands og bli sjefar der i staden, og kva skulle vi då gjort, med alle verksemdene utan toppsjef? Det er ein god ting med DN, vi veit kvar vi har dei. Men det spanande er det alternativet som ikkje blir nemnt, sikkert ikkje eingong tenkt på: At staten kanskje kan spare store pengesummar og løyse presserande samfunnsoppgåver ved å gje barnetillegg til lågtlønte på same nivå som ei tilsvarande uføretrygd ville gitt.