fredag, mars 30, 2007

Olyckliga gatan

På veg til arbeidet høyrde eg att den gamle slageren "Lyckliga gatan", som eg hugsa frå då eg var liten men aldri har tenkt over på vaksent vis. Det var sjokkerande. Det er jo ein einaste sosialistisk, demonisk mardraum. Trass i tittelen og den vakre musikken, kva føremål kan denne teksten ha, utan det å gjere lyttaren bitter og hatefull? Denne songen er eit klassisk døme på sjølve det svarte holet i sentrum av sosialismen, nemlig motviljen mot å la andre gjere sine eigne frie val dersom dei ikkje meinar det same som eg. Dei som raserte den "lukkelege gata" og bygde høghus i staden, og dei som flytte inn i husa, trur du dei gjorde det med bajonettar i ryggen? I eit kommunistisk land kanhende, men ikkje eingong i Sverige, langt mindre Norge. Dei alle valde å gjere det dei tykte var best for dei. Dei koselege gamle husa vart rivne fordi eigarane selde dei med stor forteneste til dei nye utbyggjarane. Alle gjorde det dei tykte var best for dei sjøl. Av dette er det noko å lære, men ikkje av songen. Den er eit sørgjeleg døme på kva som hender når folk blir gamle utan å vekse opp.