onsdag, april 25, 2007

Ubuntu Linux 7.04

Dette er eit steg framover for Ubuntu. Dette gratis operativsystemet (ein variant av Linux) er eit alternativ til Windows. Det er raskare, men har mindre støtte frå leverandørar av tilleggsutstyr. Til dømes kan eg ikkje oppdatere lomme-PCen min frå ein PC som køyrer Ubuntu, heller ikkje kan eg bruke stereoen min som lydkort slik eg kan under Windows. Men du kan sjå film, lytte til musikk, surfe, lese og skrive. Grunnen til at eg køyrer det på denne maskina nett no er at eg sit med ein treg bærbar, og det går fortare å skrive under Linux. I Google sin teksthandsamar gjekk det stundom så tregt at eg låg fleire ord framfor maskina. Det gjer eg ikkje no. Noko å tenkje på dersom du har gamle maskiner du ikkje har lyst å kaste?