onsdag, juni 21, 2006

Hoste og doktor

Etter hetebølgja sat eg att med ein stygg hoste. Han vart heller verre med tida, og i helgja hadde eg skikkeleg bronkitt-hoste som etter lang tid let meg hoste opp store klumpar med grønt slim. Måndag morgon ringde eg til fastlækjaren og fekk time klokka 14.15 same dag. Ikkje noko å sei på det. Før den tid hosta eg opp endå meir guffe, og kjende meg ganske bra då eg kom til senteret. Det skulle eg kanskje ikkje ha gjort. Lækjaren kunne ikkje finne at eg hadde nokon bronkitt-lyd, og blodprøvene (3 i talet) viste heller ikkje nokon inflammasjon.

På tysdag kom hosten like etter eg gjekk på bussen. Eg skræmde sikkert dei som sat der, i alle fall ville eg vore skræmd om eg var i deira stad. Nok ein gong fekk eg omsider hosta opp ein god del klumpar, denne gongen gulgrøne i staden for grøn-brune. Det heldt fram i omlag ein halvtime, til litt etter eg kom på jobb.

No ved midnatt har eg hoste att. Det er typisk ein gong eller to om dagen at det er for alvor, elles er det mest småhoste. Eg kan heller ikkje sove mange timane i strekk, då renn bronkiane fulle og eg vaknar av at eg ikkje får puste. Korleis doktoren kunne oversjå dette er ei gåte for meg, men eg må ha truffe heilt perfekt med timinga og komme nett før det vart verre att. Hadde eg visst han ikkje ville tru meg skulle eg ha samla alle slimklumpane i eit glas og teke med til han... Kanskje dette er det dei kallar "ektoplasma" då?