mandag, juli 03, 2006

Eldbordsdag

Det er ein grunn til at "eldbordsdag" ikkje er eit ord på norsk, sjøl om det grammatisk er fullt meiningsbærande. Her i landet set vi ikkje regelmessig fyr på borda våre. Dette er ein vakker del av norsk kultur, som vi skulle dele med våre nye landsmenn. *

På veg heim frå jobb kom eg forbi ein mann som prøvde å sløkkje eit brennande hagebord med eit kledeplagg. Men bordet brann allereie for godt til det. (Heldigvis var det i reint tre, utan måling eller lakk, men det hadde tydlegvis brunne ei lita stund.) Han henta ein liter vatn i ei brusflaske og sløkkte med det. Han hadde kome forbi og lagt merke til at nokon hadde gått frå ein eingongs-grill på bordet utan å sløkkje. Denne hadde etter kvart vorte så varm at treet tok fyr. Men då var dei grillande folka gått sin veg, og det var opp til tilfeldige forbipasserande å ta hand om elden.

Folka som bur i huset er fjernkulturelle. Det kan sjølvsagt tenkjast at andre har grilla i deira hage, men det er lite truleg, siden det heller ikkje er ein del av norsk kultur.

(* Eg heldt rettnok på å setje fyr på komfyren for nokre år sidan, då eg slo på feil kokeplate. Men det er annleis. Vi er ikkje som dei.)