fredag, juni 30, 2006

Når Simmane døyr, kjem dei til Simmelen då?

Det er fredag, og godt er det. Hosten har gradvis betra seg utover veka, og eg er no nesten heilt som før. Har óg kjøpt ein manuell grasklyppar og køyrt han ei testrunde på den høgste innstillinga (lengst mogleg gras, 42 millimeter). Eg likar mosjon som er meiningsfull... om det å slå gras kan reknast som meiningsfullt når ikkje der er dyr til å ete det. Dessutan fekk eg aldri start på den motoriserte som sto her då eg kom. ^_^*

Dette huset har ganske så mykje plen.

onsdag, juni 21, 2006

Suicidokrati?

Eit medlem af støttegruppa for dei sveltestreikande afghanarane seier til Tv2 Nettavisen at "Det hadde vært grusomt hvis liv hadde gått tapt. Da hadde jeg blitt flau over å være norsk."
http://www.nettavisen.no/innenriks/article664674.ece

Det er allereie flautt at du er norsk.

Dersom Noreg skal styrast av sjølvmord, er det slutten på parlamentarismen som styreform, der folket veljer representantar til å avgjere nasjonen sin politikk. Dette er ikkje ein retning samfunnet bør gå i. Skal studentar brenne seg til døde for å få opp stipend-delen på studiefinansiering? Overdose for gratis lærebøker? Drukning for lågare skattar? Front-mot-front for betre vegar i distrikta?

Hoste og doktor

Etter hetebølgja sat eg att med ein stygg hoste. Han vart heller verre med tida, og i helgja hadde eg skikkeleg bronkitt-hoste som etter lang tid let meg hoste opp store klumpar med grønt slim. Måndag morgon ringde eg til fastlækjaren og fekk time klokka 14.15 same dag. Ikkje noko å sei på det. Før den tid hosta eg opp endå meir guffe, og kjende meg ganske bra då eg kom til senteret. Det skulle eg kanskje ikkje ha gjort. Lækjaren kunne ikkje finne at eg hadde nokon bronkitt-lyd, og blodprøvene (3 i talet) viste heller ikkje nokon inflammasjon.

På tysdag kom hosten like etter eg gjekk på bussen. Eg skræmde sikkert dei som sat der, i alle fall ville eg vore skræmd om eg var i deira stad. Nok ein gong fekk eg omsider hosta opp ein god del klumpar, denne gongen gulgrøne i staden for grøn-brune. Det heldt fram i omlag ein halvtime, til litt etter eg kom på jobb.

No ved midnatt har eg hoste att. Det er typisk ein gong eller to om dagen at det er for alvor, elles er det mest småhoste. Eg kan heller ikkje sove mange timane i strekk, då renn bronkiane fulle og eg vaknar av at eg ikkje får puste. Korleis doktoren kunne oversjå dette er ei gåte for meg, men eg må ha truffe heilt perfekt med timinga og komme nett før det vart verre att. Hadde eg visst han ikkje ville tru meg skulle eg ha samla alle slimklumpane i eit glas og teke med til han... Kanskje dette er det dei kallar "ektoplasma" då?

lørdag, juni 17, 2006

Hetebølgje

Det er ikkje sikkert det er varmare her på Sørlandet enn det har vore før om åra. Det kan vere berre at eg for først gong ikkje bur i ein kjellar. Kjellaren her i huset er mykje kaldare enn her oppe der eg bur, men det einaste rommet eg har der nede er vaskerommet. Kanskje eg skulle teke madrassen min ned der... og den bærbare PC'en, men dessverre har eg ikkje fått det trådlause nettverket til å virke under Ubuntu Linux.

Istaden har eg sett inn ei stor vifte på heimekontoret til å kjøle meg av om ettermiddagen. Det virkar for så vidt greitt nok, men eg lurer på om det kan vere grunnen til at eg no har fått ein stygg bronkitthoste. I byrjinga var det tørrhoste, men i det siste har eg hosta opp klumpar av grønbrun guffe. Er ikkje sikker på om det er eit godt eller dårleg teikn. Ingen feber. Kanskje vifta har kvervla opp støv med bakteriar frå dei som budde her før (tidlegare soverom, vegg til vegg teppe). Har no sett inn ein luftrensar.

Eg håpar det snart blir regn att. Eg er ikkje skapt for dette klimaet. Dessutan er sollyset for skarpt til å spele Animal Crossing på bussen...

tirsdag, juni 06, 2006

Piratkopiering og fargekrit

"Foreldre må betale for barnas tagging. Hvorfor ikke også når de sjeler musikk?" spør Inger Marie Sunde i artikkelen "Fildeling og straff" i Dagens Næringsliv idag, 06-06-06.

Fordi det aller meste av tjuveriet er av same natur som når ungar teiknar med fargekrit på asfalten. Når neste regnbyge er over, er skadeverket borte.

Det platebransjen ikkje har fått med seg, er det som magasinet The Economist kallar "avstandens død". Og det er faktisk ikkje berre avstanden, men til ei viss grad tida, som har fått på pukkelen etter at Internettet kom. Der ein flokk ungdomar før kunne sitje saman om ein platespelar og lytte til dei same platene, kan no ein flokk ungdomar lytte på venene sin musikk over Internettet. For det aller meste er dette plater som dei aldri ville tenkt på å kjøpe, og i mange tilfelle spelar dei den aldri om att. Det er dette eg samanliknar med fargekrit på asfalt.

Sidan eg var ein liten unge på 60-talet har folk hatt evne og vilje til å kopiere musikk. Vi brukte kassettar til det. Det hindra oss ikkje frå å kjøpe musikk når vi fekk råd til det, og Internettet har heller ikkje fått slutt på platesalet. Berre i det aller siste har det vore ein nedgang. Det er vanskeleg å sei om dette skuldast mangel på god musikk eller det faktum at plateselskapa går ut offentleg og skrik ut sitt hat mot kundane sine.

Når representantar for plateselskapa (og deira betalte handlangarar) framstiller det som eit økonomisk tap når vener lytter til kvarandre sin musikk, er det to forklaringar: A) Dei lyg for pengar og håpar at ingen merkar det, B) dei er gale i hovudet og treng psykiatrisk hjelp.

Eg heller til B, for eg har sett det same på andre område i livet: Når folk blir heilt isolert frå den verkelege verda av "ja-menn" som nikkar og smiler til alt dei seier, går det på forstanden laus. Det renn meg i hug eit sitat frå ei av dei Apokryfiske Bøker: "Gråt over den døde, for lampa hans er slokna. Men gråt meir over dåren, for forstanden hans er slokna."