mandag, mai 14, 2007

Datamaskiner

Monster-maskina heime krasja for eitpar veker sidan. Den kunne ikkje starte opp i det heile. Eg har tenkt å ta ho til byen for reparasjon, men det har ikkje blitt til noko enno. I staden har eg kopla den bærbare Dell maskina til skjermen, tastaturet og ekstern harddisk, og den gjer for det meste same tena. Det er ganske imponerande, og viser kor stort framsteg dobbeltkjerne-prosessoren er. (Du får ikkje like skarpe bilete likevel, særleg tydeleg i spel.)

På den andre sida er det ikkje lenger enn slutten av desember at monsteret var inne til reparasjon hos North Corporation. Dette er ikkje god reklame for dei. Og fordi maskina er så tung (og bussane går der dei går) må eg ta drosje for å få den reparert. Det må reknast med i kostnaden når ein samanliknar med maskiner som ikkje går sund med nokre månaders mellomrom. Til dømes Fujitsu Siemens maskinene har som regel mista noko av funksjonen ganske tidleg (diskettstasjon som ikkje virka på den eine, CD på to andre) men dei har aldri brote heilt saman, slett ikkje innan garanti-tida. Vel, unnateke då lynet slo ned og slo ut den eine av dei! Og det tok eitpar månader å få den reparert. Dei rota den rett og slett vekk. Det var Expert, og dei har rota vekk andre ting for meg sidan. Men det kjem alltid til rette før eller sidan, berre at eg først må mase på dei.

Det får klare seg for i natt. Arbeid i morgon! Men snart 17.mai. Hipp hipp. ^_^