torsdag, mai 24, 2007

Mi indre klokke...

Mi indre klokke saktnar nesten ein time i døgnet. Eller med andre ord, døgnet mitt er på nær 25 timar. Eller med andre ord, utan vekkjarklokke vil eg vakne omlag ein time seinare kvar dag. Men no har eg vekkjarklokke, fordi eg har jobb. Hos folk flest vil dagslyset og den tida dei faktisk er aktive justere den indre klokka, dersom dei ikkje lever i ei hole. Eg lever ikkje i ei hole; eg går på jobb fem dagar i veka og går vanlegvis tur dei to andre. Men den indre klokka mi lever sitt eige liv. Kanhende eg er ein mutant?

Uansett, denne veka er ei av dei då mi indre klokke seier "natt" når den ytre klokka seier "arbeidstid". Det er ikkje komfortabelt. Mesteparten av natta er eg lys vaken, men det er ikkje ei god tid å klippe plenen på...

Men etter nokre dagar rullar døgnet rundt att og eg kan sove heile kvelden og betale ned på sømn-gjelda mi ei tid.