onsdag, april 05, 2006

Mikrodommedag

Huseigaren er komen heim frå universitetet. Eg har ikkje møtt han, men ser at garasjen er spadd ut. Sant å sei tenkte eg ikkje på det, særleg sidan det allereie sto ein bil utanfor i snøen. Vel vel. Eg går ut frå at han vil inspisere huset. Skal bli spanande å sjå kva han seier. Eg har berre kontrakt her ut juni, og dersom han er av same klasse som han i Kvernstien så blir det nok ikkje noko meir enn det. Heimekontoret især er ganske rotete, ettersom eg ikkje har pakka opp ting eg ikkje treng enno.

1 Comments:

Blogger Magnus Itland said...

Det gjekk kjempefint med huseigaren. Han er så kjekk og grei. Han ville ikkje eingong inspisere kva eg hadde gjort med huset. Endå eg trur det er barndomsheimen hans. Det er i alle fall barndomsheimen til mora hans.

6:12 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home