torsdag, juli 13, 2006

Au, au...

Vakna klokka sju av krampe i venstre leggen. Det gjorde vondt og det stogga ikkje før musklane var heilt utbrende. Dette hender ein gong i året eller så i gjennomsnitt, men somme tider går det eitpar år og somme tider berre veker. Det er mest den venstre, men ikkje kvar gong. Eg sto opp så fort eg kunne etterpå og tok ein halv dispril. Dette må til for at ikkje muskelen skal stivne etterpå og vere stiv i 3 dagar. Eg prøvde òg å massere og halde meg i rørsle den første tida til acetylsalisylsyra byrja virke.

Det var ikkje nokon god dag for dette å hende på. For det eine er dei andre driftsfolka på ferie. For det andre hadde eg ein avtale med doktoren om å ta stinga. Det var litt tidleg for det. Det skulle vore i morgon, og sjølv det var tidleg (9 dagar) men doktoren skulle på ferie etter det. Vel, no skal han vere borte i morgon òg, så det vart i dag. Eg klarte å kome meg dit. Eg gjekk sakte, men det gjorde mindre vondt enn eg hadde venta å trø på foten. Til vår undring var såret grodd. Den einaste staden som klødde og var rødt, var der enden av tråden gjekk ut gjennom skinn som ikkje hadde blødd. Vonleg vil dette gro òg, no når der ikkje lenger er suturtråd i.

Elles legg eg stadig på meg, sjølv om det enno er mange månader att til eg er attende på den vekta eg hadde før eg slutta ete feitt. (Eller rettare, byrja ete svært lite feitt, som eg ikkje lenger kan fordøye normalt av einkvan grunn.) Kroppen er ein svært så tilpasningsdyktig krabat. Enno så lenge!