søndag, april 30, 2006

Når dagane blir lange

Idag såg eg på klokka og var forundra at den var godt over sju. Det var fullt dagslys ute, endå det var overskya. Eg tok ein spasertur, ikkje så overvettes lang, mest for å minne kroppen om at det bur folk i han enno. Framleis dagslys når eg kom heim. Det er jo ikkje så løye, for om nokre få timar er det mai. Snart vil natta slutte å eksistere i friluft, berre i fangenskap bak tunge gardiner.

Men varmen har ikkje sett inn enno. Og for meg kan det godt vente. Sjøl om mennesket er defintert som ein tropisk art, så likar eg sjøl vår og haust best.

tirsdag, april 25, 2006

"Nortura"??

Gilde og Prior skal visstnok slå seg saman, og namnet blir "Nortura" les eg. Kva skal det bety? "Norsk Tortur Av dyra?" Eit meir høveleg namn ville vere "Norges Kjøttmonopol" eller berre "Kjøttmonopolet". Det står i ein solid norsk tradisjon.

lørdag, april 22, 2006

Skikkeleg vårdag!

Eg gjekk ut på tur i jakke og vintercaps. Kom heim i skjorta.

Eit anna sikkert vårteikn er at heile Nodeland luktar møkk, fordi ein eller annan bonde har funne ut at dette er beste dagen å køyre ut gjødsla. Eg får prøve å ete opp iskremen (berre 5% feitt!!) før lukta sivar inn gjennom luftespaltene i huset. Yogurt-is med karamell og sjokolade smakar så mykje betre enn yogurt-is med karamell, sjokolade og drit.

Vel, det er sant. Sjøl for ein bondegut.

tirsdag, april 18, 2006

God påske

Alt står vel til, bortsett frå at eg har vondt i armen etter å ha spela Oblivion til langt på natt. (Eg kunne sei eindel om Oblivion, men spelet er på engelsk og dersom du kunne lese engelsk ville du truleg lese The Chaos Node i staden for Kaosnodeland.

Foten var fin att etter nokre få dagar. Huseigaren spelar musikk i kjellaren men mi leggetid er endå seinare enn hans så det er null problem.

lørdag, april 08, 2006

Datamaskinvarehuset

Den nye PC'en (nettverksnamn "ITL-06", vil truleg bli entra til "OBLIVION") har patcha opp City of Heroes medan eg sov i natt. Det er gladnytt, sidan då eg gjekk til sengs sa den at det enno var 17 timar att. Eg var ikkje forundra over det, sidan eg oppdaterer over trådlaust nettverk og sidan det har kome 6 store "tilleggspakkar" over Internett sidan spelet kom ut for snart to år sidan. Når det gjeld gratis nytt innhald er det ingen over NCSoft. Eigarar av andre spel må kjøpe slike pakkar i butikken.

Når den nye maskina er fullt oppdatert skal den kome i staden for tre av dei gamle. Ja, eg har meir enn tre maskiner i huset. Det er 4 maskiner i nettverket no: ITL-06 er det nye råskinnet frå North Corporation. NVIDIA (også kalla "Soverom") er frå 2005 og dagens spel-maskin. ITL2004 er som namnet seier frå 2004, men er allereie i ferd med å bryte saman. CD/DVD stasjonen er daud og vifta slurar somme dagar så ille at eg ventar å kjenne røyklukta. Den kan óg berre spele City of Heroes litt hakkete. MAGNUS er ei bærbar maskin frå ifjor eller forfjor, den har no Ubuntu Linux og blir brukt til fildeling sidan Linux er immun mot virus og ormar. Denne jobben skal etterkvart gå til LINUS, ei nyare Linux-maskin som idag står på jobben. Så er det VRIMOEN, den eldste Windows XP maskina i huset. Vifta der er nesten heilt gåen (røyklukt) og den kan ikkje køyre moderne spel. Namnet kjem frå min første store Sims2 familie. Tilsist er det WINME, som altså køyrer Windows Millennium Edition. CD-spelaren virkar ikkje på den heller, elles går den som ei klokke. Eg har mykje e-post på den frå gamalt av som eg kopierte over frå ei endå eldre maskin, dette må over på ITL-06 før eg leverer den inn til resirkulering. I tillegg til desse 6 maskinene har eg ei på jobben som eg har tenkt å la bli der.

Kanskje eg kjem til å skrive litt mindre krasst om andre folk sin materialisme til dess eg får kvitta meg med somme av desse maskinene? Men i det minste kan nye maskiner gjere ting dei gamle maskinene ikkje kunne. Prøv å forklare meg kva du kan gjere i ein ny sofa som du ikkje kunne i den gamle.

fredag, april 07, 2006

Arme arm

Høgre armen min er stiv og gjer vondt att. Fram til no har dette året vore det beste på lenge i så måte. Eg skuldar litt på Oblivion (særleg på den gamle maskina og utan styrespak), litt på skriving på jobb og no siste veka at eg ikkje har kunna gå tur på grunn av flis i foten. (Eg går på jobb no, men er ikkje motivert for lange fot-turar etterpå så lenge det enno gjer vondt. Eg kan sjå noko svart der inne, sjøl om eg ikkje har nokon ide om korleis det kan ha kome seg inn der.) Jamnleg kroppsøving er viktig for at blodet skal strøyme gjennom alle stader i kroppen, også samanknytte musklar.

Paracet smakar grufullt, forresten.

Når eg vert aldri så lite nedstemt, muntrar det meg alltid opp å lytte til Knutsen's song "Ingen er glad i meg" eller Jonas Groth med "Why am I always alone for Christmas". Hmm, finst det i det heile eit nynorsk ord for selvmedlidenhet? Sjølvmedynk? Eg kan ikkje sei eg har høyrt eller sett det nokonstad. Kanhende ekte nynordmenn er immune mot slikt.

onsdag, april 05, 2006

Ny PC her

Faktisk henta eg han igår. Idag gjekk den første delen sund, men heldigvis var det berre framdekselet føre DVD-stasjonen. Eg hadde sett inn CD-en med Oblivion igår. Spelet går som smurt med rimeleg høg grafikk på denne maskina, og med Thrustmaster spelkontroll istaden for mus for det aller meste er det ikkje så ille på handleden. Nok om det, eg fekk ikkje ut att CD'en så eg kunne installere andre program. Den rørte på seg, stanga i dekselet, ga opp og starta Oblivion istaden. Først då eg pirka laus dekselet (som så fall ned langs innsida av fronten og aldri vart sett meir) kunne eg få ut CD'en.

Maskina står i stova til så lenge, knytt til heimenettverket trådlaust. Det er seinare enn med kabel, men rikeleg fort nok. Eg skriv dette på den no, berre fordi eg kan. Eg har allereie kopiert over heile "Mine dokumenter" katalogen med underkatalogar frå maskina som skal fasast ut. Det neste problemet er at eg har så mykje gamal e-post i Opera på gamle-maskina som eg ikkje veit korleis eg skal få tilgang til sjøl om eg kopierer det over. Like eins det engelske dikterings-programmet som let meg snakke til maskina, det må truleg trenast heilt på nytt på den nye maskina. I alle fall måtte det trenast på nytt på den gamle då eg stilte maskina attende to månader etter nettverkstrøbbelet i vinter.

Lastar no ned OpenOffice.org i bakgrunnen, men vil truleg gå over til å skrive i Writely (no ein del av Google-familien) når Writely vert opna for nye brukarar att. (Det har vore i beta fram til no men skal snart flyttast til Google sine servarar.)

Mikrodommedag

Huseigaren er komen heim frå universitetet. Eg har ikkje møtt han, men ser at garasjen er spadd ut. Sant å sei tenkte eg ikkje på det, særleg sidan det allereie sto ein bil utanfor i snøen. Vel vel. Eg går ut frå at han vil inspisere huset. Skal bli spanande å sjå kva han seier. Eg har berre kontrakt her ut juni, og dersom han er av same klasse som han i Kvernstien så blir det nok ikkje noko meir enn det. Heimekontoret især er ganske rotete, ettersom eg ikkje har pakka opp ting eg ikkje treng enno.

mandag, april 03, 2006

Fotverk

Idag held eg meg heime frå jobben på grunn av verk i høgre foten. Eg vakna med det til morgonen, og det var såpass at eg ynka meg for å dra på meg ein sokk. Ikkje bra å gå rundt med heile arbeidsdagen.

Vel, hadde det vore noko kronisk, hadde eg gjort det likevel. Men det eg håpar er sjølsagt at det skal gå over dersom eg ikkje går på foten eller tek på meg sko. Det er ei eller anna form for verk (betennelse). Eg har vondt for å tru at det er ei flis, sidan eg ikkje gjekk på anna enn teppe igår, ein av dei få dagane eg ikkje har gått ut i det heile. Men der er ein lilla flekk nett der det er som vondast, så eitkvart er det. Kjøtetande bakteriar? Den som lever får skrive meir.

lørdag, april 01, 2006

Vår-dagar

Det har vore mildt det meste av denne veka. Først var det regn annakvar dag, men igår var det strålande vårsol, brånande snø, alt det der vi hugsar frå då vi var små. Det er litt overskya idag, men framleis sol for det meste. På tide å ta ein spasertur opp på heia att.

Sidan eg flytte hit har eg blitt gradvis feitare. Eg har enno langt att til før eg vart sjuk i fjor, men eg har lagt på meg nær 3 kilo på desse 2 månadene. Så det skulle ikkje skade å kome ut litt meir i frisk luft. Må hugse å ta med MP3 spelaren, sidan det ikkje er god folkeskikk å synge utandørs i tettbygde strok.