Den nye PC'en (nettverksnamn "ITL-06", vil truleg bli entra til "OBLIVION") har patcha opp
City of Heroes medan eg sov i natt. Det er gladnytt, sidan då eg gjekk til sengs sa den at det enno var 17 timar att. Eg var ikkje forundra over det, sidan eg oppdaterer over trådlaust nettverk og sidan det har kome 6 store "tilleggspakkar" over Internett sidan spelet kom ut for snart to år sidan. Når det gjeld gratis nytt innhald er det ingen over NCSoft. Eigarar av andre spel må kjøpe slike pakkar i butikken.
Når den nye maskina er fullt oppdatert skal den kome i staden for tre av dei gamle. Ja, eg har meir enn tre maskiner i huset. Det er 4 maskiner i nettverket no: ITL-06 er det nye råskinnet frå North Corporation. NVIDIA (også kalla "Soverom") er frå 2005 og dagens spel-maskin. ITL2004 er som namnet seier frå 2004, men er allereie i ferd med å bryte saman. CD/DVD stasjonen er daud og vifta slurar somme dagar så ille at eg ventar å kjenne røyklukta. Den kan óg berre spele
City of Heroes litt hakkete. MAGNUS er ei bærbar maskin frå ifjor eller forfjor, den har no Ubuntu Linux og blir brukt til fildeling sidan Linux er immun mot virus og ormar. Denne jobben skal etterkvart gå til LINUS, ei nyare Linux-maskin som idag står på jobben. Så er det VRIMOEN, den eldste Windows XP maskina i huset. Vifta der er nesten heilt gåen (røyklukt) og den kan ikkje køyre moderne spel. Namnet kjem frå min første store Sims2 familie. Tilsist er det WINME, som altså køyrer Windows Millennium Edition. CD-spelaren virkar ikkje på den heller, elles går den som ei klokke. Eg har mykje e-post på den frå gamalt av som eg kopierte over frå ei endå eldre maskin, dette må over på ITL-06 før eg leverer den inn til resirkulering. I tillegg til desse 6 maskinene har eg ei på jobben som eg har tenkt å la bli der.
Kanskje eg kjem til å skrive litt mindre krasst om andre folk sin materialisme til dess eg får kvitta meg med somme av desse maskinene? Men i det minste kan nye maskiner gjere ting dei gamle maskinene ikkje kunne. Prøv å forklare meg kva du kan gjere i ein ny sofa som du ikkje kunne i den gamle.