fredag, juli 21, 2006

Då krampa tok meg

Igår vakna eg som vanleg, men nett som ei veke før fekk eg krampe i leggen før eg rakk å røre meg. Bortsett frå at denne gongen var det høgre leggen. Eg trur aldri eg har hatt dei så tett etter kvarandre før, vanlegvis er det omlag ein gong i året.

Vel, det er ei plage, for eg kan ikkje gå på foten på nokre timar. Brukte å vere eitpar dagar, men etter eg byrja ta dispril like etterpå har dette gått kraftig ned. Dispril (eller andre medisinar med acetylsalisylsyre) hindrar musklar frå å stivne etter trening, så det er berre naturleg at dei hjelper her òg.

Men då eg kom til kjøkkenet, byrja eg kjenne meg svimmel eller heller uklår. (Det var ikkje som om rommet gynga eller sveiv rundt, det berre verka mindre verkeleg enn det skulle, og eg kunne ikkje stole på min eigen balanse lenger.) Ei slags elektrisk skodde byrja tetne rundt meg. Eg har vore ute for det nokre gonger før. Det er aldri eit godt teikn. Eg måtte setje meg ned. Eg var tørst, og eg trur eg drakk litt vatn frå springen, men så kjende eg meg litt kvalm og sette kursen for badet. Skodda vart tettare, og dei andre sansane mine vart også borte. Eg kunne enno tenkje, men ikkje særleg klårt. Eg tenkte på kven eg skulle ringe til for hjelp. Men på denne tida var nok allereie for mykje skodde til å sjå nummera på telefonen.

Medan eg halvt sat, halvt låg i døra mellom badet og gangen der telefonen sto, såg eg noko uvanleg. No var nesten alle andre sanseinntrykk borte, men eg såg noko som ein tjukk lysande ring. Eg såg han ikkje klårt, men då eg let att auga såg eg han så klårt som om han var på ein skjerm framfor meg. Det var som ein stor feit O framfor meg, men han var skapt av lysande prikkar eller kanskje firkantar, omlag som om du ser på ein gamal dataskjerm med ei lupe. Han var ikkje perfekt rund heller, det var ekstra prikkar oppe, nede, til høgre og til venstre, som ei aning av fire blokker som var nesten heilt tekne opp i ringen. Eg såg alt dette klårt og lurte på kva det var. Eg hugsa at eg for eitpar år sidan hadde sett ein liknande ring under eit liknande anfall, men den var laga av nåler heller enn prikkar. Denne var klårare. Men medan eg såg på han, kom gradvis ei kvit lysande skodde og viska vekk synet. Eg opna auga og let dei att på nytt, og biletet kom att. Men no kjende eg at eg kunne tenkjer klårare, og sansane mine byrja kome att. Då ringen bleikna no, vart han borte for godt.

På grunn av det merkelege synet ringde eg Søgne Legesenter straks dei opna. Fastlækjaren min er på ferie, men då eg forklarte at eg var redd det kunne vere eit slag eller drypp, sa dei at ein annan lækjar ville ringe attende. Det gjorde ho knapt tre timar seinare. Ho spurde meg ut og sa at dette var eit klassisk døme på dramatisk fall i blodtrykket, og hadde ikkje noko årsak i hjernen. Slike lysfenomen var "klassiske" sa ho, men eg har aldri høyrt om nokon som har hatt dei. Heller ikkje lærde vi om dette på skulen. Kven veit kor mange "New Age" sekter som har kome til på grunn av visjonar som denne... særleg dersom dei ser andre og meir spanande mønster enn ein tjukk flat gul ring av prikkar.