torsdag, august 17, 2006

Lenge sidan sist!

Så lenge, faktisk, at eg hadde vanskar med å logge inn. Det er likt til at Blogger er i ferd med å byte til ein ny versjon, som er betre integrert med Google, den nye eigaren. Dei prøvde først å logge meg på den nye "beta" Blogger, men fekk ikkje det til. Det er ikkje alle som kan skifte til den nye enno.

Nok om det. Hetebølgja er endeleg over for ei vekes tid sidan, etter å ha vart mest heile sommaren (med eitpar regndagar innimellom). Eg er glad det er slutt på heten. Eg er ikkje noko trope-menneske, det skal vere visst. Eg trivest best i skodde og overskya. Litt regn plagar meg heller ikkje, men sol og sterk hete tåler eg dårleg. No kan eg gå turar att.

I det siste er eg byrja ete salat. Ikkje dei grøne blada du gjev til kaninane, men blanda grønsaker og slikt. Eg går i salat-disken på Mega. Det er dyrare enn yogurt, men det kjennest godt å bruke tennene innimellom. Og så smakar det godt. Så godt at det er godt å vere svolten! Ikkje at eg blir skikkeleg svolten att på lenge etter å ha ete den. Så dei dagane eg skal ete middag når eg kjem heim, let eg vere å ete salat til lunch.

Elles er det vel ikkje så mykje nytt å melde på norsk. Eg har etablert meg på zaadz.com, men det er heilt og fullt engelsk. Det er ein nettstad for dei som ønskjer å forandre verda til det betre. Litt vagt, det, og det same er somme av folka der. Elles greitt nok.