torsdag, august 31, 2006

Ut og gå

I det siste har eg følt meg litt skral og slapp, så det var med undring eg såg på pulsklokka mi at pulsen er nede att på det låge nivået, eller nesten. Så eg hadde ikkje mykje val, eg måtte ta ein lang, rask gåtur att. Kan ikkje la kroppen tru at eg har gløymt han. Elles har eg halde fram med å leggje på meg til no nyleg, men det ser ut til at det har stogga for ei stund.

Det er slik eg gjer det når eg er i tvil om eller kor langt eg skal gå: Eg tek på pulsklokka og ser. Dersom pulsen er høg, held eg meg heller inne. Er han låg, tek eg ein lenger tur. Midt imellom, ein kortare tur.

Elles har eg fått Dragon NaturallySpeaking 9, som visstnok skal vere betre til å ta diktat enn 8, men det er berre den engelske versjonen eg har, så eg har ikkje nytte av den her. Kjøpte meg eit gummi-egg til å trene handa med, idag. Eg er litt stivare i armen og handleden enn før i sommar. Dette er sikkert fordi eg skriv meir i arbeidstida. Det er eit anti-mirakel til å øydeleggje handleden. Mykje verre enn å skrive heime. Fleirfoldige gonger verre.