lørdag, september 16, 2006

Meir helsenavlesjåing

Tidlegare i veka hadde eg vondt i venstre sida av brystet og i venstre armen, så folk sa til meg at eg burde gå til doktor. Det gjorde eg då etter eit par dagar, sjølv om eg er ganske sikker på at det ikkje er eit problem med hjarta. Folk i min familie er immune mot slikt, etter kva eg kan hugse. Då eg vaks opp var det vanleg å ha ei skål med smelta fleskefeitt på middagsbordet, og slik har det heilt sikkert vore sidan folk fekk råd til det. Det faktum at mine forfedre levde lenge nok til å formeire seg (for ikkje å nemne at dei vart 80-90 år og døydde av heilt andre ting) seier at vi må vere mutantar, immune mot hjarteinfarkt.

Lækjaren trur då óg at det er meir sannsynleg at det er magesår, men eg skulle ringje dersom det kjem att. Eg har ikkje hatt noko vondt når eg går opp trapper, som eg gjer kvar arbeidsdag. Men for godt mål kom eg att neste føremiddag og tok noko slikt som fem blodprøver. No skal det for alvor bli openberra kva eg har av kolesterol og triglyseridar, vil eg håpe.