mandag, oktober 16, 2006

Kanhende eg skulle døype dette om til "helseblogg"?

Var til doktoren idag att, på grunn av mageverk og svart avføring. (Denne kombinasjonen kan vere eit teikn på blødande magesår, stygg sak. Ein ven av meg har ein far som held på å døy av kreft som dei oppdaga på denne måten ... lenge etter at dei kunne ha gjort det.)

Ein 5-minutts test viste at det ikkje var spor av blod i avføringa, berre blåbær. ^_^; mageverken kom nok av noko anna, truleg eit virus. Vel, det var verd 150 kroner å sjekke, ikkje sant?

Du ser, dette er grunnen til at eg vanlegvis ikkje går til lækjaren. Dei tek på meg på rare stader og let MEG betale for det, og fortel meg at eg er minst like frisk som dei, trass min livsstil. Eg meinar, ingen sex, ingen husdyr, ingen familie, berre ein virtuell vennekrins, nesten ingen alkohol (ja, det er sunt i år, med måte), ingen gulrøter -- faktisk ein diett av nesten berre melk og karbohydrat -- og berre måteleg mosjon, og ein jobb eg ikkje eingong kan snakke høgt om, langt mindre skrive om i dagboka mi. Dessutan søv eg til rare tider av døgnet og i varierande grad. Korleis eg enno kan vere i live er ei gåte for framtidas vitskapsmenn å finne ut av, men eg likar det.