torsdag, mars 30, 2006

Eg er ein dum forbrukar


Gratulerer Coop! De klarte å lure meg. Håpar de set pris på litt gratis reklame som takk.

Såg denne literen med juice på Prix. Det var bilete av fullt av blåbær på framsida og tekst: Blåbær & Aronia. Med litt mindre skrift under: Solbær, og nederst: Eple. Først når eg kom heim og opna pakken las eg med lita skrift på sida: Eple 74%.

Jaha.

Så alle de som har venta på ein eplejuice med ein liten smak av blåbær, no veit de kvar de kan få kjøpt det.

onsdag, mars 29, 2006

(Dataspel:) Ståljustis i Heltebyen

Litt gladnytt etter sutringa: I går kveld var eg på nettet og spela City of Heroes, då eg såg nokon som averterte for ei supergruppe. Det er ikkje heilt uvanleg. Det uvanlege var at dei reklamerte med å vere i koalisjon med Steel Justice... den supergruppa eg høyrde til før eg mot min vilje vart utestengd frå Internet i to månader! Då eg kom att hadde eg ikkje sett nokon av dei, og nettsida deira var stengd for meg, så eg tenkte gruppa var oppløyst. Det var ho altså ikkje. Så no er eg eit koalisjons-medlem att. Sjølve Steel Justice har ei kick-tid på 3 dagar... dersom du ikkje har spela helten din på 3 dagar blir du sparka ut. Men denne andre gruppa har 20 dagar, for dei mindre aktive. Før jul hadde eg ingen vanskar med å spele kvar tredje dag, eller nesten kvar dag, men eg har jo endra litt her og der i livet mitt på desse månadene så det er kanskje like greitt med litt slakkare krav.

Eg er ikkje ein veldig sosial person, for å sei det mildt, men det er greitt å kunne spele regelmessig saman med folk eg veit ikkje er idiotar. Steel Justice er full av erfarne spelarar som er vane med å arbeide saman. Eg er litt meir usikker på denne koalisjons-gruppa... kven er t.d. "CreepyMan"?? Vel, ein skal ikkje sjå hunden på håra før bjørnen er skoten. Elles er det alltid lett for ein Forsvarar å kome med i ei gruppe, det er berre å svara ja når dei spør "can u heal?". Men slike grupper er ofte ikkje bryet verd. Eg vil heller spele litt oftare i godt selskap... sjøl om kvar tredje dag kan vere i meste laget no.

Småkvalm

Sidan i går før nons (eller heiter det lunsj på nynorsk no?) har eg vore småsjuk i magen. Ikkje nett kvalm, men nesten, berre ikkje nok til å kunne kaste opp. Det gjer ikkje eigentleg vondt, berre nesten. Det er som ein tung klump nederst i magen, og det er meir forstyrrande enn det høyrest ut til. Kanskje ikkje minst fordi det minner meg om ifjor på denne tida. I to veker då var eg kvalm utan å kunne kaste opp, og hadde ofte kramper eller spasmer i tjukktarmen, som eg óg fekk igår. I tillegg hadde eg turar av frysningar same kor varmt det var i rommet... det har eg ikkje no, bank i bordet. Etter eg slutta å ete feitt vart desse symptoma borte, men eg miste også nær 15% av kroppsvekta over dei neste 8-9 månadene.

Dei siste to månadene har eg lagt på meg att meir enn to kilo. Eg et framleis ikkje synleg feitt og ting eg veit er fulle av feitt, men over tid har kroppen tilpassa seg så eg har kunna ete meir og meir. Då dette starta for eit år sidan, kunne eg berre ete to koppar med melkemat til frukost, no kan eg lett ete dobbelt så mykje, og eg blir fortare svolten att. Det kan vere at sidan det er litt feitt i vanleg mat, at eg er byrja å få i meg meir feitt enn eg toler att. Det ser ut til å vere den totale mengda av feitt som slær ut, ikkje kor konsentrert det er eller om det er "sunt" eller "usunt" feitt.

Eg må nesten gje dette litt tid og sjå korleis det utviklar seg. Men det blir i alle fall til at eg heilt naturleg et mindre når eg er slik, så om det er det så skulle det gå over av seg sjøl.

tirsdag, mars 28, 2006

Tid for ny PC

Idag tinga eg ein ny spel-PC frå North Corporation. Ja, eg veit eg sa "ingen ny PC før all gjelda er betalt" men det var medan eg enno kunne spele alle spela mine på den forrige. På fredag kjøpte eg Oblivion, men fann fort ut at det nok var laga for ein nyare generasjon av maskiner. Eg måtte skru ned grafikken til nær minstemålet for å kunne flytte markøren rundt på skjermen rimeleg jamnt og fort, for ikkje å snakke om gå omkring eller slå ihel dyr. Sjøl då går det i sirup dersom eg kjem uti ei eng full av blomar, eller i deler av hovudstaden.

Eg byrjar å kome nær grensa for kor stor familie eg kan spele i Sims2, óg. Er 12 no men Malvin går i tankar om ei veninne frå universitetet, og Marius og Tosha prøver framleis på baby nummer 8. I bryllaupet til Martin var dei rundt 20 med gjester, og stort meir enn det kan dei ikkje vere før det går i krabbegir. Det er med 2.93GHz og GeForce 5500.

Den nye maskina blir på 3.4 GHz med GeForce 6600, som er neste generasjon skjermkort (for PCI express buss). Det er slett ikkje det nyaste av skjermkort, dei verkelege spel-fantastane er visstnok oppe i 7600 no. Men det er eit stygt prishopp opp til GeForce 7 serien, og det er vanlegvis 3-4 år mellom kvart spel frå Bethesda (og Maxis) så eg trur heller eg ventar. 6600 er på lista over kort som er støtta i Oblivion; 5500 er ikkje.

Dessutan er CD-stasjonen gåen på skrive-PCen, og vifta bråkar no så mykje til tider at eg ikkje kan diktere men må skrive for hand jamvel på engelsk. Så det er snart tida til å pensjonere denne og gjere om spelmaskina idag til ny skrivemaskin. Om eg då ikkje flytter Dragon NaturallySpeaking rett til den nyaste maskina: Den ekstra prosessorkrafta kunne kome vel med, Dragon klarar ikkje å halde tritt med meg idag når eg først veit kva eg skal sei. Og den nye maskina kjem med ei særleg stillegåande vifte, var avtalen.

I anna PC-nytt ser det ut til at eg snart er ferdig med å låne ut Linux-servaren til jobben, så eg kan ha den til anime-servar heime heller enn den bærbare. Den bærbare blir svært varm av slik ein jobb, og har lite diskplass.

Meta: Skuffande

Eg er kanskje bortskjemd frå LiveJournal, men eg hadde trudd eg ville blitt varsla i epost når nokon kommenterte på bloggen min.

[Endring] Dette viser seg ved nærare ettersyn å vere mogleg, eg må berre skrive inn epost-adressa mi ein stad til, det held ikkje med den oppføringa eg ga når eg oppretta bloggen. Så no kan de kommentere utan å få ei "kald skulder"! Jaaa!

Det, og det burde vere råd å kommentere kommentarar.

Men i det minste er blogger-bloggane fine å sjå på sjøl utan å leggje arbeid i dei. Det er då noko.

søndag, mars 26, 2006

Drivhuseffekt eller Guds vreide?


Snøen fell så lett og kvit... idag, 26. mars, som så ofte før denne "våren". Dette er ikkje eit triksefoto: Det er ein svært verkeleg bil som er snødd ned med lag på lag av snø. Fordi eine sida står inn under eit halvtak, kan du sjå bilen; elles hadde det berre vore ein liten haug i snøhavet, knapt så du ville lagt merke til det. Dette er på kysten av Sørlandet, ikkje djupt inne i dei norsk-okkuperte territoria i Sameland.

I dei seinare åra har vi høyrt meir og meir om drivhuseffekten. Og her for nokre år sidan las eg i Scientific American at den store varme-utvekslinga mellom hav og luft utanfor Island kanskje kunne stogge på grunn av drivhuseffekten. No sist haust var det somme forskarar som hadde vore ute i havet og målt at denne utvekslinga var halvert på dei siste ti åra.

I mellomtida har eg sett tørkekatastrofer over heile verda bli skulda på drivhuseffekten, og ørkenspreiinga sør for Sahara (som sidan har snudd, utan at folk likar å snakke om det). Eg har sett storflaumar både i utlandet og her til lands bli omtala som eit resultat av drivhuseffekten. Orkanar og andre stormar er sjølsagt drivhuseffekten si skuld, og stormflod slik som den som tok New Orleans nyleg. Jamvel spreiing av tropiske sjukdomar til nye område er drivhuseffekten si skuld.

For ein som er van med pietistisk kristendom, er det slåande kor likt dette er skildringa av Guds harme. Anten det er for varmt eller for kaldt så er grunnen den same. Anten det er tørke eller flaum, så er grunnen den same. Alle ulukker er vår eiga skuld, fordi vi har levt som vi ville og forlete det liv Dei Gamle levde. Det kan ikkje bli noko betre før vi vender om og sluttar å leve i luksus, og jamvel då vil nok vreiden henge over oss og våre born like til tridje og fjorde leden.

I grenselandet mellom tru og vitskap har vi uttrykket "ikkje-falsifiserbar teori", ein teori som du kan sei er sann uansett kva som hender. Til dømes at den usynlege rosa einhjørningen skapte jorda sist onsdag, komplett med fossilar og alle folka med deira minne i hjernen. Sjøl om vi tydleg minnest at vi var i live for ein månad sidan, så viser det berre kor godt handverk den usynlege rosa einhjørningen gjorde då han skapte minna våre.

Vitskapsmenn held seg godt unna ikkje-falsifiserbare teoriar, for det meste. Som venteleg kan vere, sidan det ikkje er bruk for vitskap når vi har ein teori som kan forklare alt, jamvel heilt motsette hendingar.

Så, er den kaldaste mars på over 40 år eit resultat av menneske-skapt drivhuseffekt eller ikkje? Nesten heilt sikkert ikkje. Naturen er ikkje så glup at han sjekkar om ting er menneske-skapte eller ikkje. Og det var varmare enn no i bronsealderen, for ikkje å sei yngre steinalder. Då bada flodhestane i Seinen, elva som renn gjennom Paris. Villsvin grynta i dei varmekjære skogane i Skandinavia. Og Sahara var ei grøn eng der antilopene beita. Det vil ta mange år med statsstøtta gasskraftverk før vi kjem så langt.

Dersom snøen ikkje er gått til midtsomars, skal eg revidere mitt syn på denne saka.

lørdag, mars 25, 2006

På eventyr i frysedisken


Idag lever eg fårleg. Eg kjøpte med meg heim ein djupfrosen middag og åt ein god del av han, steikt i panne slik det sto på pakken, berre lenger.

Det er meir enn 20 år sidan sist eg kjøpte ein slik djupfrosen pakke. Kanskje nærare 25. Det var ei grønsakblanding - tru om ikkje ho heitte "Amerikansk Grønnsakblanding"? Der var små terningar av gulrot, og grøne erter, trur eg. Kanhende blomkål. I alle fall smakte det godt, søtare enn eg hugsa heimanfrå at kokte grønsaker brukte smake. Den natta vart eg så sjuk som sjeldan før eller sidan. Etter det har eg halde meg unna grønsaker, for ikkje å nemne kjøt og fisk, frå frysedisken. Det hjelper ikkje nett at butikkane (her på Sørlandet i det minste) held godt over dei 18 kuldegradene ein djupfrysar skal ha. Ein må nesten vere glad til at der er kuldegrader i det heile.

Difor altså er dagen idag ein sjøl-laga merkjedag. Etter å ha merka meg at folk har kjøpt fryservarer i alle desse åra utan at folketalet har gått drastisk ned, våga eg meg på ein pose med penne (røyrpasta), små kjøtbollar, baby gulrøter og brokkoli. Eg tok vekk brokkolien før eg varma maten; den smakar allereie død og forderv, så med den i kunne eg ikkje merke om maten var etande eller ikkje. Vel, den smakte ikkje så ille. Mine eigne heimelaga pasta-panner er langt betre og tek ikkje allverda tid å lage dei heller, kanskje 10 minutt lenger. Og prisen var fem gonger høgare, vil eg tru. Vel, kanhende berre fire. Men det var ikkje for smaken si skuld eller prisen eg kjøpte det, men for vitskapen. No er det berre å vente på natta og sjå om eg vert frykteleg sjuk att. Dersom eg aldri skriv meir på desse sidene, kan du gå ut frå at eksperimentet var mislukka...

Sosialisme som nostalgi

På larudagsturen min gjekk eg forbi samyrkjelaget (Prix no kalla) og der heldt dei på å setje opp ein stand for Arbeidarpartiet, såg det ut for. Eg tenkte over at sosialismen er ein tanke som tida har gått frå; så kvifor har vi ei sosialdemokratisk regjering og jamvel med ekte sosialistar i? Nostalgi, tenkte eg med meg sjøl.

I industrisamfunnet hadde vi bonderomantikken. Folk hadde flytta frå landsbygda til byar eller bygdebyar der dei jobba i fabrikken. Men dei - eller borna deira - drøymde om livet på landsbygda der dei kunne klappe kalvar og bunadskledde budeier. Det var ikkje det harde livet fedrene deira hadde levt dei ville attende til, men ein draum der alt det mørke og grå var borte.

No er det ei ny tid, informasjonsalderen, der folk har arbeidskapitalen sin i hovudet. Og dei som ikkje har slikt, fell utanfor og heile vegen ned til botnen. Så no drøymer folk om det gode gamle industrisamfunnet der alle var like, Just Another Brick in the Wall. Men dei vil ikkje ha det på alvor. Dersom dagens "sosialistar" prøvde å gje oss att den gamle tida, med NRK-monopol, 80% marginalskatt og reglar for kva bankane kunne låne ut pengar til... dei ville falle under sperregrensa ved neste val. Det er berre ein draum om ei tid som aldri var.

Laurdag

Vel, pulsen min er attende til normalt (rundt 80 ståande på stovegolvet, mot 105 sist helg då eg hadde verk i overkjeven). Så den svake hovudpina kjem truleg ikkje frå ein infeksjon denne gongen. På tide å ta ein times spasertur, slik eg brukar å gjere på laurdagar. I Søgne var butikken omlag så langt unna at det høvde, her er butikkane så mykje nærare at eg ikkje har det å skulde på. Så det blir til at eg berre går for å gå, endå så mykje det byr meg imot. Men kroppen treng å haldast vedlike når ein nærmar seg 50. I denne alderen hadde mor mi allereie høgt blodtrykk og byrjande sukkersjuke, etter det eg minnest. Far min fekk sukkersjuka seinare, men det er litt i seinaste laget når du står der med diagnosen i handa.

Sjølsagt kan det hende eg kjem under ein lastebil, og all gåinga har vore til inga nytte. "Et sunt, tren regelmessig, døy likevel." Så berre for å vere på den sikre sida har eg tenkt å nyte turen. Eg tek med meg fotoapparatet og min Sony Network Walkman (det er deira Sonyspråk for MP3 spelar).

Ja ne, minna-san!

fredag, mars 24, 2006

El-avgifta

Det er vanskeleg å forestille seg ein skatt som slær meir kaotisk ut enn el-avgifta. Tanken var kanhende at dei rike brukar meir straum, sidan dei har større hus. Vel, dei fattige har gamle og dårleg isolerte hus, så dei brukar meir straum dei og. Og kvatid vart folk på Lesja og Lom rikare enn folk i Stavanger eller Kristiansand? Er dei som har sytt for å byggje i ly for nordavinden fattigare enn dei som av nokon grunn får han hylande rundt husnovene heile vinteren igjennom?

Så kanhende tanken slett ikkje er å skatte dei rike, men å få folk til å byggje betre isolerte hus eller etter-isolere dei gamle. Det er ein vakker tanke. Men skulle dei ikkje allereie ha grunn til å gjere det? Sjøl med berre vanleg moms - eller jamvel utan - vil straum uansett koste pengar, så isolering vil framleis vere ein god ide. Kanhende ikkje så god ein ide som no. Men kvifor skal staten spesielt blande seg inn i nett dette? Kvifor ikkje leggje ei tung avgift på brød så folk sluttar å kaste skalkar og halvgamalt brød i søpla? "Gudsfrygt med nøisomhed er en stor vinding!" Det synest merkeleg at dette berre skal gjelde for straum og ikkje andre ting som høyrer dagleglivet til. Og kven som helst kan ete halvgamalt brød; men ikkje alle har råd til å byggje om huset sitt. Ja, ikkje alle eig huset dei bur i eingong, sjøl om dei fleste rettnok gjer det.

Nei, el-avgifta er nok ikkje noko meir enn ein farkestrek for å lure skattepengar ut bakvegen der folk ikkje ser. Så klagar folk på e-verket eller tenkjer det er deira eiga skuld, medan staten syg seg feit og dryg. Som han vel må gjere; gje keisaren det som høyrer keisaren til, seier eg. Men lyg ikkje om det. Gjer ikkje ting bak ryggen på folk.

torsdag, mars 23, 2006

Pensjonssparing?

Så på veg til tannlækjaren idag går eg forbi DnC DnB DnBNor, og ser i forbifarten ein plakat som preikar den gode bodskapen om pensjonssparing, fordi du treng det. Og eg tenkjer med meg sjøl...

Først betalar vi altså over skattesetelen pensjonane for besteforeldra våre, så for foreldra våre. Skulle vi level lenge nok til å nå pensjonsalderen, så er visstnok skattekista tom, så innan den tid bør vi ha spart opp vår eigen pensjon heilt privat. Skal det vere noko meir før vi stengjer? Kanskje vi også skulle spare opp så neste generasjon kan få sin pensjon óg. Du veit aldri om dei klarar å leggje noko til side. Trass alt klarte ikkje dei to førre generasjonane det, tydelegvis, sidan vi må betale for dei...

I røynda er det sjølsagt ikkje så enkelt (med mindre du er medlem av FrP, kanhende; som Skrifta gløymde å sei: Alt er enkelt for dei enkle). Det heile starta på eit vis seint på 60-talet med innføringa av folketrygda. Då brått vart det gjeve pensjon til folk som ikkje hadde betalt pensjonsavgift sjølv, dei som då var 70 år eller meir. Men det er ikkje som om vi till dess hadde sett dei gamle ut i skogen til ulvane. På bygda vart dei "kårfolk", og hadde rett til å bu i huset og ete av maten til sin døyande dag. Det var sikkert liknande ting i byane, men eg var ikkje i byane på den tida.

Saka er at frå Neandertalarane sine dagar har det alltid vore slik, at dei gamle vart forsørgde av dei unge. Kvifor skal det brått kome til ein slutt nett med vår generasjon? Det er det eg lurer på. Dei små rakkarane kan godt betale litt skatt for å halde oss i live når vi byrjar gå i barndomen. Sjøl om det kanskje ville vere like lurt å gje oss ei sprøyte så vi somnar stille inn, heller enn å la oss morkne vekk utan minne om kven vi var og kva vi gjorde her i verda. Men det er ei anna soge.

onsdag, mars 22, 2006

Dagens anime

Medan eg først sov og sidan var på jobb, har linux-maskina mi i det stille lasta ned dei tre første episodane av Shinigami no Ballad, ein japansk teiknefilmserie om ei dødsgudinne og jobben hennar. "Hjartevarmande" seier dei som har lese romanane på japansk. Filmane er teksta til engelsk av Triad. Ikkje for kommersielt bruk.

Etter å ha sett første episode vil eg sei at dette er ikkje ein "13 på dusinet" anime. Handlinga er enkel, nærast banal. Men den er ulik den lettbeinte underhaldninga du oftast finn, også i Japan. Den er korkje komisk eller erotisk, kanskje dramatisk - døden er vel så dramatisk eit tema som du kan finne - men først og framst sentimental, stille og vakker. Som dødsgudinna seier til slutning: "Dei døde kan ikkje gråte... så eg gret for dei."

Filmen er lite eigna for "anime maraton" men heller til å sjå før ei tid med stille ettertanke.

Kaosnodeland??

Sidan 1998 har eg skrive ei dagleg nettdagbok på engelsk, kalla The Chaos Node. På den tid eg byrja skrive, var Internett enno noko nymotens for spesielt interesserte her i landet, så det var ikkje naturleg for meg å skrive på norsk. Dessutan hare eg eindel smale interesser, så det var naturleg å gå ut til eit breiare publikum. Men no når alle og bestefaren deira har Internet, kan det hende det er bryet verd å skrive nokre ord på norsk. Sjøl om mange nordmenn idag les engelsk, tek det ofte lenger tid og det kan vere nyansar som går tapt dersom du ikkje jobbar med det språket til dagleg.

Namnet på bloggen her speglar ikkje berre namnet på hovudsida mi, men og det faktum at eg bur på Nodeland, ein tettstad utanfor Kristiansand. Den kombinasjonen var rett og slett for god til å gå forbi. Så, KaosNodeland!

Når det gjeld målforma... vel, eg vaks opp midt i Ny-Noreg, ikkje langt frå fødestaden til Jakob Sande. Men det er og ein fin IQ-test for storparten av folket. Sidan nynorsk har ein vanskelegare gramatikk og er mindre brukt, må du ha litt IQ eller ha lese eindel litteratur for å skjøne det like lett som det enklare bokmålet. Har du ikkje slike åndsevner og slik erfaring, er det lite truleg at du kan forstå eit menneske som tenkjer heilt annleis enn du. Og eg er slikt eit menneske. Det er betre at du gir opp no, enn at du får i deg tankar som er for store for deg, slik at hovudet ditt eksploderer og blod og hjernemasse sprutar utover golvteppet. Ingen av oss er tent med ei slik utvikling! Så, nynorsk. Fordi det er trygt!